Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse. Osterøy vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med studiespesialiserande utdanningsprogram, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og design og handverk. I tillegg har skulen grupper i kvardagslivstrening/arbeidstrening. Skulen har òg eit kompetansesenter for CNC og robot, som har som mål å styrka samspelet mellom skulen og næringslivet. Skulen flytta inn i nytt skulebygg i august 2010 og har for tida 187 elevar. Vi har eit godt elevmiljø, dyktige lærarar og eit godt samarbeid med lokalmiljøet.