<  
>  

Hemsedal kommune

Statlig / Offentlig / Kommunal sektor

Hemsedal kommune er møtet mellom aust og vest, 9 mil frå Lærdal og Sognefjorden, 3 mil frå Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Hemsedal har 22 mil inn til hovudstaden og det er 28 mil til Bergen. Høgda over havet varierer frå 560 moh ved Eikredammen til 1920 moh på toppen av Høgeloft.Flatevidde 745 km2. Hemsedal kommune har ca. 2.000 innbyggjarar. Kommunen er i vekst med auke i folketalet og spennande utvikling i reiselivsnæringa parallelt med eit livskraftig landbruk. Alpinsenteret er vel kjend og har høg kvalitet, samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede både sommar og vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots. Næringsliv Naturen gir grunnlaget for dei to store næringane i Hemsedal, landbruk og reiseliv. Aktiviteten her utgjer basis for dei andre handels- og servicenæringane. Vi har eit godt utbygd tilbod for dei mange tilreisande gjestene – og eit aukande antal bygdefolk. Næringlivet i Hemsedal har dei seinare åra vore prega av initiativ og optimisme. Hemsedal kommune er ein av dei kommunane som på landsbasis utmerkar seg med etablering av mange, nye verksemder. Kommunen har hatt ein oppsving i etableringa av næringmiddelbedrifter. Både småskalaprodusentar og store kjøttforedlingsbedrifter har sitt sete i bygda. Kulturliv Det er eit rikt kulturliv i kommunen, med omlag seksti frivillige lag- og organisasjonar. Mange aktive einskildpersonar er med og skaper mangfald i kulturtilbodet. Kommunen ser det som viktig å ta vare på alle dei eldsjelene bygda har. Dette gjer vi gjennom å gje dei gode vilkår - ikkje minst gjennom økonomisk støtte i form av gratis hus og tilskotsordningar. Skule / oppvekst Ulsåk Oppvekstsenter: - Barnehage - Skule 1. – 4. Trinn - SFO Tuv Oppvekstsenter: - Barnehage - Skule 1. –4. Trinn - SFO Hemsedal barne- og ungdomsskule: - 5. – 10. Trinn Natur og friluftsliv Hemsedal er ei fjellbygd med slektskap til Vestlandet. Dramatiske fjelltoppar omkransar ei flat elveslette med slakare kollar og mindre toppar som ligg ikring. Alpinområdet er eit markert element i Hemsedal sitt landskap. Hemsedal sine skiheisar er likevel lagt inne i eit skar i fjellsida, og ligg godt gøymd i dalføret. Innanfor kommunen har ein store naturverdiar, der fjellterrenget dominerer. Hydalen Landskapsvernområde og Holstein Fjellstølane Naturvernområde er viktige verne- og bandlagde område i denne regionen. Hemsedal har fleire verdfulle våtmarksområde i ulike høgdedrag. Hemsedal har eit godt tilbod for friluftsliv både sommar og vinter. Det er eit godt utbygd skiløypenett i tillegg til skiheisane, og mange spennande fjellturar for fleire årstider. (Kommuneplan 1999-2011).

Visjon

Ta vare på Hemsedal - vekst og utvikling bygd på natur, kultur og livskvalitet. (Kommuneplan 2003-2015)

Antall ansatte

Det er ca. 230 hel- og deltidstilsette i Hemsedal kommune.

Fakta
Sjekk din match
Legg i jobbønsker
Legg til
Få varslinger
Følg
Del din profil
Del
Logg inn og se din match
0%

Ledige stillinger hos Hemsedal kommune

Ingen stillingsannonser publisert
Abonner på stillinger for å bli informert dersom nye stillinger publiseres hos oss.
Abonner på stillinger
Fakta & ressurser
Nettsider, Sosiale medier, Kontaktpersoner, Adresse m.m.

Registrer deg i CV-database!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere
188 Graduate- og Traineeprogrammer
For nyutdannede og young professionals
Se alle programmer