Vi har ikkje flyplass og motorveg, men kan dagleg ta turen til Bergen eller Førde og, om vi vil, vidare ut i den store verda. Vi har ikkje operahus og kaffibar, men kan nyte spanande smakar frå både inn- og utland etter å ha hatt vind i håret på ein fjelltopp eller kjent sjøskvulpen etter ein padletur. Vi har ikkje supermarked og parkeringsvakter, men får det vi treng og slepp og stå i kø.
Vi er ein kommune i positiv utvikling og vil gjerne at fleire skal få oppleve å bu i Solund, ein øykommune i Sogn og Fjordane. Den ligg ytterst i Sognefjorden mot Nordsjøen. Med sine mange øyar, holmar og skjær er dette den vestlegaste kommunen i landet, og den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane. Hardbakke er kommunesenteret og den største tettstaden.
Befolkning ca 880 (2010)
Solund kommune treng sommarvikarar, og søkjer etter motiverte medarbeidarar. Arbeidsoppgåver er daglege gjeremål innafor områda nemnde nedanfor. Dersom du er
Solund kommune tilbyr sommarjobbar for ungdom i alderen 13 – 17 år.Målsetjinga er at ungdom skal få oppleve mangfaldet i
15.04.2024Solund
Mer om jobbmuligheter i
Solund kommune
Generelt om våre muligheter
I Solund vil det vere kontinuerleg behov for rekruttering av arbeidskraft som har utdanning innan pleie og omsorg, barnehage og grunnskule. Det lokale private næringslivet er mykje retta mot turisme, service og maritime arbeidsplassar og har ulik behov for rekruttering. Solund kommune ønskjer søkjarar med arbeidserfaring velkomen. Vi har rekrutteringsbehov og treng helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og kompetanse knytt til samhandlingsreforma innan pleie og omsorg. Vidare har vi behov for pedagogisk personell ved barnehage og grunnskule.
For studenter og nyutdannede
Solund kommune har rekrutteringsbehov og treng helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og kompetanse knytt til samhandlingsreforma innan pleie og omsorg. Vidare har vi behov for pedagogisk personell ved barnehage og grunnskule. I periodar er det også behov for ingeniørar. Nyutdanna vert ønska velkomen og vert sett på som eit positivt tilfang i arbeidsmiljøet.
Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.