Ægir Bryggeri er blant dei første handverksbryggeri i Noreg og vart etablert i 2007. Dei siste åra har Ægir hatt stor suksess og utvikla seg til eit av Noregs fremste produsentar av spesialøl. Ølet er tilgjengeleg på mange sal - og skjenkestader i Noreg og i utlandet med stadig fleire på lista. Bryggeriet har utvikla mange spennande øl som har fått stor merksemd og vunne prisar i fleire år både heime og internasjonalt. Me består i dag av ein bryggeripub og eit heilt moderne produksjonsbryggeri og brenneri, og i 2016 tok vi eit stort steg for både ølet og miljøet ved å vere fyrste i Noreg å tappe nesten heile portefølje på boks. Ægir bryggeri er i vekst og treng fleire flinke medarbeidarar, teamet vårt består av både kvinner og menn frå fleire land.