<  
>  

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er Meir på nynorsk til fleire . Årleg sender vi ut om lag 20.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.

NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Hamnelageret i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale.

Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Registrer deg i CV-database!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Fakta om Nynorsk pressekontor (NPK)

Adresse

Langkaia 1,0150 Oslo