




Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft vere verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er vi over 100 ihuga medarbeidarar – og vi vil bli fleire!
Vasskraft er den viktigaste kjelda til fornybar energi i Norge. Vi produserer, distribusjon og sel eitt hundre prosent rein og fornybar energi. No er vi i gang med ei av Noregs største vasskraftutbyggingar i dette århundre. Vi har 1872 kilometer med linjenett som strekkjer seg gjennom Noregs vakraste og villaste natur.
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, vi klatrar og klyv oppover fjellsidene, vi syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre ei rekkje spennande utviklingsoppgåver dei komande åra, mange av dei relatert til elektrifiseringa innan transport og auka satsing på fornybar energi. Vi skal utvikle nettet vårt for framtida, ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og meir ekstremvêr, ei framtid som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal doble produksjonen vår av rein fornybar energi. Vi skal vere drivkraft i Sogn!
Er du nysgjerrig på kraftbransjen?