Helse Førde

Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
,,
Ledige stillinger og jobbmuligheter

Ledige stillinger hos Helse Førde

Psykiatrisk klinikk har frå 29.07.2019 ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, for tida ved DPS døgn på Tronvik. Oppstart stilling frå 01.07.2019 eller etter nærmare avtale.Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.Pr. i dag er DPS døgn Tronvik ein av to DPS døgn avdelingar i psykiatrisk klinikk, og er organisert under DPS døgn Førde.Det er samstundes planar for nybygg for Psykisk helse i Førde for voksne, born og ungdom. DPS døgn er då planlagd som ein seksjon lokalisert i Førde. Nybygget vil vere kobla fysisk saman med Førde sentralsjukehus. Psykiatrisk klinikk er aktiv i å jobbe med å utvikle moderne og gode tenester for pasientpopulasjonen.For stillinga vert det kravd dokumentert autorisasjon.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.ArbeidsoppgåverHovudvekta av arbeidet er utgreiing, diagnostikk, individualterapi og utstrakt samarbeid med 1. og 2. linjetenesta.Psykologspesialisten ventast å ta del i utviklinga av fagtilbodet ved avdelinga.KvalifikasjonarPsykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon som klinisk psykolog.Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg.Vi legg vekt på personlege eigenskaper for å bidra inn i eit tverrfagleg miljøUtdanningsretningPsykologiPersonlege EigenskaparStrukturertTrivst med å jobbe i eit tverrfagleg teamSamarbeidsvilligSjølvstendig og ansvarsbevisstDu bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljøSpråkNorskVi tilbyrHøgt fagleg nivåKonkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.Triveleg arbeidsmiljøEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Fagleg og personleg utviklingHjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjelegKontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Einingsleiar, (+47) 57714331 Arve Stokkebekk, Seksjonsleiar DPS Døgn, (+47) 57839465 Svein Ove Alisøy, Direktør, (+47) 57839020ArbeidsstadKyrkjebøNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Startdato: 01.07.2019 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 24.05.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4081765595&company_id=3325782882&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
24.05.2019
Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling (Kreftavdelinga) har ledig fast 100% stilling for overlege i onkologiKreftavdelinga har tre overlegestillingar i onkologi, tre overlegestillingar i hematologi og ein overlegestilling i palliativt team. Samt fire stillingar for legar i spesialisering. Kreftavdelinga består av sengepost på 13 senger og poliklinikk. Vi har det faglege ansvar for medikamentell kreftbehandling til pasientar med diagnostisert kreft, blodsjukdommar og pasientar som treng palliativ behandling i speialisthelsetjenesta i Sogn og Fjordane.Helse Førde er godkjent som utdanningsinstitusjon i onkologi i gr 2, to års teljande tjeneste, samt utdanning innan palliasjon Avdelinga har ikkje stråleterapi. Vi har eit tett og godt samarbeid med Haukeland Universitetssjukehus (HUS).Stillinga er ledig frå juli 2019, men dato for start i stilling kan avtalast nærare.ArbeidsoppgåverOverlege onkologi skal arbeide som spesialist innan fagområdet, med rullering på poliklinikk og sengepost. Deltaking i utvikling av tenestetilbodet, og aktiv rolle i høve legar i spesialisering (veiledning/undervisning).Vaktteneste i kreftavdelinga i samsvar med tenesteplanKvalifikasjonarGodkjend spesialist i onkologi.Må beherske godt norsk både munnleg og skriftlegSøkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnlegUtdanningsretningMedisinUtdanningsnivåProfesjonsstudiumPersonlege EigenskaparVi ynskjer ein fagleg dyktig medarbeidar med gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaerVi ynskjer ein medarbeider som er samarbeidsvillig og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljøEin medarbeider som vektlegg å arbeide i team og få til gode resultat i fellesskap med kollegaerSpråkNorskVi tilbyrKreftavdelinga tilbyr faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljøVi vektlegg tverrfagleg samarbeid og likeverd mellom yrkesgruppeneGode pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjonIngunn Solheim Terøy, Avdelingssjef, (+47) 57839201 Geirfinn Vagstad, Avdelingsoverlege, (+47)57831674ArbeidsstadFørdeNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 26.05.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4070848810&company_id=57830504&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
26.05.2019
Org. nr: - Stillingsident: 4080508508 Presentasjon av stillinga: Sogndal BUP har ledig fast stilling som lege i spesialisering Psykisk helsevern for barn og unge er ei avdeling med tre poliklinikkar og ein sengepost. Ved seksjon Sogndal Bup er det ledig fast stilling for lege i spesialiseringSogndal Bup er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter og saman utgjer vi eit moderne og fagleg sterkt DPS senter i Indre Sogn. Vertskommunen Sogndal er ein vekstkommune, som mellom anna er kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for friluftliv.Vi søker etter lege som har eit genuint ønske om å utdanne seg til spesialist i barne- og ungdomspsykiatri.Søkarar utanfor Skandinavia må dokumenterere kunnskap i norsk skriftleg og munleg (Bergen testen nivå) Vedkomande som får tilbod må legge fram tilfredsstillande politiattest (arbeid med barn og utviklingshemma)For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gje til kjenne dette i søknaden.ArbeidsoppgåverDiagnostisk vurdering/utredningIndividual terapiTverrfagleg samarbeid internt og eksterntKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som legeFørarkort klasse B (alternativt få førarkort innan rimeleg tid)Må beherske norsk muntlig og skriftlig på nivå med kravene til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten)UtdanningsretningMedisinUtdanningsnivåProfesjonsstudiumPersonlege EigenskaparEvne til å samarbeide tett og godt med andreEngasjement for faget og pasientgruppaBidra til eit godt arbeidsmiljøGenuint ønske om å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri.Vi tilbyrTriveleg arbeidsmiljøHøgt fagleg nivåEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Fagleg og personleg utviklingGode pensjons- og forsikringsordningarAndre opplysningarNoe reisevirksomhet må påregnesKontaktinformasjonTore Hågård, Seksjonsleiar/overlege, (+47) 576 27 500 (sentral) Øyvin Myrmel, Administrasjonssjef, (+47) 415 30 396ArbeidsstadSogndalNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Startdato: 02.09.2019 Søknadsfrist: 27.05.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4080508508&company_id=57830207&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
27.05.2019 Sogndal
Frå 01.07.2019 har vi ledig 100% fast stilling ved Seksjon rus, Nordfjord psykiatrisenter. Seksjonen gjev tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til menneske over 18 år med alle typar rusproblem. Posten har 10 døgnplassar og har fylkesdekkande sjukehusfunksjon på fagområdet.ArbeidsoppgåverPasientbehandling i døgnpostPårørandeinvolvering og støtteSamarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytararTverrfagleg teamarbeidMiljøterapiDeltaking i systematisk tenesteutvikling i eit likeverdig samarbeid med pasientar og seksjonsleiarDeltaking i fysisk trening og aktivitetTredelt turnus inkludert arbeid på nattVakt 4. kvar helg med vaktlengd på 12,25 timarKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiarRelevant arbeidserfaringInteresse for fagfeltetMå beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.UtdanningsretningSykepleieVernepleieUtdanningsnivåHøyskole / Universitet, Diplom- / BachelorgradPersonlege EigenskaparPersonlege eigenskapar vert i stor grad vektlagdePasientorientert og har respekt for kvar einskild pasientEvne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåverTrivst med å jobbe tverrfaglegBidreg til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevnerGode kommunikasjonsevner og er fleksibelSpråkNorskVi tilbyrFull stillingArbeid kvar 4. helgHøgt fagleg nivåGodt og aktivt arbeidsmiljøFagleg og personleg utviklingIntroduksjonskursLøn i samsvar med gjeldande overeinskomstKonkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Andre opplysningarIngen reiseaktivitetKontaktinformasjonArild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS rus, 57864342/57864330ArbeidsstadNordfjordeidNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Startdato: 01.07.2019 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 29.05.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4079589367&company_id=57830203&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
29.05.2019
Presentasjon av stillinga: Kirurgisk poliklinikk har ledig stilling som sjukepleiar frå 01.10.2019. Oppstart stilling etter avtale.For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon Søkjar må beherske godt norsk språk både munnleg og skriftlegArbeidsoppgåverPå kirurgisk poliklinikk arbeider ein med fagfelta ; urologi, gastro, kar, mamma, plastikk og generell kirurgiEin møter menneske i ulike fasar av sjukdomsforløp, både pre - og postoperative fasarKvalifikasjonarØnskeleg med erfaring frå kirurgisk fagfelt og poliklinisk arbeidSøkjar med erfaring frå polikliniks arbeid innan kirurgi vert føretrektMå beherske godt norsk både munnleg og skriftlegUtdanningsretningSykepleieUtdanningsnivåHøyskole / Universitet, årsstudie / grunnfagPersonlege EigenskaparSjøvstendig.Ansvarsbevisst.Fleksibel.Løysingsorientert.Må trivast i eit travelt og aktivt miljø.SpråkNorskVi tilbyrLøn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedriftFagleg og personleg utviklingTriveleg arbeidsmiljøKontaktinformasjonReidun Johanne Hauge, Seksjonsleiar kirurgisk poliklinikk, (+47) 578 39 219, (+47) 416 83 158ArbeidsstadFørdeNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 31.05.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4075148824&company_id=5783060101&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
31.05.2019 Førde
Org. nr: - Stillingsident: 4079022246 Presentasjon av stillinga: Akutt Døgn ved Psykiatrisk klinikk, har ledig stilling for sosionom. Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 stillingar. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Akutt døgn er akuttpost for heile fylket, med 14 sengeplassar. Nytt bygg for psykisk helseverner planlagt å stå ferdig i 2021. Tilsette skal saman med brukarar, andre samarbeidspartar, tillitsvalde og verneombod vere med å forme og vidareutvikle behandlingstilbodet for innbyggarane i Sogn og Fjordane som skal vere i nybygget. Bygget vil vere samlokalisert med Sentralsjukehust i Førde.For stillinga krevst det dokumentasjon på utdanning. Helse Førde har 6 månaders prøvetid. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnlegArbeidsoppgåverDu blir ein del av teamet rundt pasienten, og skal jobbe med sosialfaglege oppgåver i høve til pasientar og pårørande, kartlegge behov for tiltak og tenester ved utskriving, og ha eit aktivt samarbeid med kommunar og andre off. instansar m.m. Litt reiseverksemd kan det bli. Det er tilsatt lege, psykiater, psykolog, sjukepleiarar og hjelpepleiarar på posten.Liggetid for pasientane varierar mellom 1 dag og fleire månader, oppgåvene vil difor vere varierte.KvalifikasjonarDu må ha utdanning som sosionom eller tilsvarande og relevant erfaring, helst frå arbeid med sosiale tenester / Nav og/eller psykisk helse/rus.Kunnskap om aktuelt lovverk.Interesse for fagfeltet.UtdanningsretningSosionomUtdanningsnivåHøyskole / Universitet, årsstudie / grunnfagPersonlege EigenskaparVi ønskjer ein person som erAnsvarsbevisstStrukturertPasientorientertSjølvstendigHar gode samarbeidsevner.SpråkNorskVi tilbyrUtfordrande oppgåver i eit spanande fagmiljø.Løn etter tariff.Triveleg arbeidsmiljø.Fagleg utvikling og rettleiing.bedrifta har IA-avtaleKontaktinformasjonRoger Lundekvam, Seksjonsleiar, 57839486, roger.lundekvam@helse-forde.noArbeidsstadFørdeNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 02.06.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4079022246&company_id=3325776717&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
02.06.2019
Org. nr: - Stillingsident: 4077845846 Presentasjon av stillinga: Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk. DPS dag er ein poliklinikk med tilsette med ulik yrkesbakgrunn; psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Vi har totalt 14 psykologspesialistar og psykologar tilsett ved avdelinga Psykiatrisk klinikk.Nytt bygg for DPS, Akutt døgn og Vaksenhabilitering er planlagt å stå ferdig i 2021. Tilsette skal saman med brukarar, andre samarbeidspartar, tillitsvalde og verneombod vere med å forme og vidareutvikle behandlingstilbodet for innbyggarane i Sogn og Fjordane som skal vere i nybygget. Bygget vil vere samlokalisert med Sentralsjukehust i Førde.Ved intern tilsetjing i den fast stillinga kan det bli ledig vikariat. Skriv i søknaden om du både søkjer på fast stilling og eit eventuelt vikariat.For stillinga vert det kravd dokumentert autorisasjon.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.ArbeidsoppgåverArbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.Viktige samarbeidspartar vil vera fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vera med og utvikla tenestetilbodet.KvalifikasjonarPsykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykolog.Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg.Førerkort klasse B.UtdanningsretningPsykologiUtdanningsnivåProfesjonsstudiumPersonlege EigenskaparStrukturertTrivst med å jobbe i eit tverrfagleg teamBidra til eit godt arbeidsmiljøSamarbeidsvilligSjølvstendig og ansvarsbevisstSpråkNorskVi tilbyrHøgt fagleg nivåTriveleg arbeidsmiljøEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)Fagleg og personleg utviklingMoglegheit for vidareutdanning innan eigne interessefeltFor psykologar i spesialisering tilbyr vi rettleiing og moglegheiter for å delta på kurs også utanom spesialiseringsløpLøn etter gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjonTor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570ArbeidsstadFørdeNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Startdato: 02.09.2019 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 02.06.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4077845846&company_id=57830201&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
02.06.2019
Psykiatrisk klinikk er distriktspsykiatrisk senter (DPS) for Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåvene i Helse Førde med akuttpost, vaksenhabilitering og regional ruspost. Avdelinga har om lag 185 årsverk, herav 18 legestillingar. Vi har medisinstudentar frå Universitetet i Bergen vår og haust.Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forskning og utvikling. Vi har tilsett med professorkompetanse, fleire tilsette med doktorgrad og vi har for tida 4 tilsette som held på med PhD. I 2021 skal vi flytte inn i nytt bygg. Tilsette skal saman med brukarar, andre samarbeidspartar, tillitsvalde og verneombod vere med å forme og vidareutvikle behandlingstilbodet for innbyggarane i Sogn og Fjordane som skal vere i nybygget som vil vere samlokalisert med Sentralsjukehust i Førde.Vi har ledig 100% fast stilling som PSYKIATER/OVERLEGE frå 01.09.2019 ved Psykiatrisk klinikk i Førde. LIS 3 som har under eit år igjen til å bli ferdig psykiater kan også søke. Arbeid ved sengepost eller poliklinikk etter nærare avtale.ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing og behandlingRettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonellSamarbeid internt og med eksterne samarbeidspartarDet vert forventa at overlegen tek del i det faglege utviklingsarbeidetVaktarbeidKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykiater.Gode språkkunnskapar, både munnlege og skriftlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.Førarkort i klasse B.UtdanningsretningMedisinUtdanningsnivåHøyskole / Universitet, Hovedfag / MastergradPersonlege EigenskaparDu har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppaDu kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaerDu tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonarDu viser fagleg tryggleik, tillit og respektSpråkNorskVi tilbyrLøn etter gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarEit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeidEv. hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskelegFagleg og personleg utviklingAndre opplysningarNoe reisevirksomhet må påregnesKontaktinformasjonTor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570ArbeidsstadFørdeNøkkelinformasjon:Annonsør:Helse Førde Stillingsbrøk: 100% Fast heltid Startdato: 02.09.2019 Tal på stillingar: 1 Søknadsfrist: 02.06.2019https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4077792774&company_id=57830201&culture_id=NN-NOFor elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
02.06.2019

Rekrutteringskalender

  • MAI 24
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 26
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 27
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 29
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Adresse

6800 FØRDE