Husbanken

Bankvirksomhet, Statlig / Offentlig / Kommunal sektor

Husbanken er eit kompetanseføretak med kreative og sjølvstendige medarbeidarar. Vi har regionkontor i Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Arendal og Oslo. Hovudkontoret vårt ligg i Drammen. Husbanken si oppgåve er å setja i verk Regjeringa sin bustadpolitikk. Vår hovudutfordring er bustadsosialt arbeid, universell utforming og miljøvenlege bustader. Vi samarbeider med kommunar, andre statlege etatar, byggjebransje, kompetansemiljø, interesseorganisasjonar og friviljuge organisasjonar.

Les mer
Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Ledige stillinger hos Husbanken

Husbanken søkjer ein regiondirektør med eit sterkt engasjement for velferd, teknologi, samfunnsutvikling og kommunikasjon. Regiondirektøren har ei sentral rolle i å setje i verk regjeringa sin bustadpolitikk i regionen. Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar med gode evner til samarbeid og relasjonsbyggjing. Vi legg vekt på evna til strategisk tenking og eit godt heilskapssyn.Regionkontoret har ansvaret for ein målretta kundedialog, samt samspel med statlege verksemder, kommunar, utbyggjarar og andre aktørar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.Regionkontoret har ansvar for å etablere og vidareutvikle partnarskap med kommunane i Husbankens kommuneprogram.Regiondirektøren leiar ei eining med 27 tilsette og rapporterer til administrerande direktør i Husbanken.Sentrale oppgåver og ansvarGi alle kommunane i regionen tilbod om Husbankens tenester i tråd med kommuneprogrammetSamspel med kommunar og andre aktørar som statlege etatar, utbyggjarar og frivillige og ideelle organisasjonar om lokal bustadsosial utvikling i tråd med Husbankens overordna føringarOverordna ansvar for at saksbehandlinga av økonomiske verkemiddel skjer i samsvar med gjeldande regelverk og rutinarSamspel med regionale statlege og andre aktørar om utvikling og koordinering av tenester til kommunaneInitiere innovasjonsarbeid og bidra til å utvikle verkemiddel, tenester, kunnskap og arbeidsprosessarInitiere og følgje opp prosjekt og tiltak. Drøfte desse i samarbeid med nasjonale fagkontor og andre regionkontorLeggje til rette for gode læringsarenaer for kommunar og andre aktørarSamarbeide tett med alle nasjonale fagkontor for å sikre utvikling av kunnskapsbasert praksisErfaring og utdanningVi ser etter ein samfunnsengasjert, strategisk og resultatorientert leiar som kan vidareutvikle det regionale tenestetilbodet i dialog med brukarar og samarbeidspartnarar. Du er kundeorientert og vand med å jobbe i ei utoverretta leiarrolle. Du er ein dyktig relasjonsbyggjar og er god til å kommunisere både internt og eksternt. Du evnar å samarbeide med alle Husbankens fagområde og bidreg til samarbeid på tvers i organisasjonen. Det er ønskeleg at du har eit stort lokalt nettverk og finn motivasjon i å utvikle det i relasjon til Husbankens oppgåver.Vi søkjer kandidatar med relevant høgare utdanning. Brei relevant erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse. Du har relevant leiarerfaring frå statleg/kommunal sektor og/eller bank- og finanssektoren. Du forstår avgjerdsprosessar i offentleg sektor.Vi tilbyrVi tilbyr ei spanande og interessant stilling hos ein sentral velferds- og bustadsosial aktør. Du får jobbe i eit bredt samansett kompetansemiljø, med hyggelege og erfarne kollegaer.Fast stilling som 1062 direktør med lønsspenn kr 990.000 - 1.200.000 pr. år. Medlemskap i Statens pensjonskasse. Det blir trekt 2 % i innskot til pensjonskassa frå løna.Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med våre rådgivarar i BackerSkeie Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 920 85 397 og Alexander Huun, tlf. 478 98 809. Søknad med CV registrerast innan 14. oktober 2019.Husbanken ser på mangfald som ein styrke, og oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.Søkjarar kan bli oppført på offentleg søkjarliste sjølv om vedkomande har bedt om konfidensiell behandling. Søkjarar vil i så fall bli varsla før den blir offentleggjort.KontaktinformasjonAnn-Kristin Nyrønning, Rådgiver, BackerSkeie, 920 85 397 Alexander Huun, Rådgiver, BackerSkeie, 478 98 809ArbeidsstadKaigaten 9 5015 BergenSøk på stillinga:Klikk herNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar:HusbankenReferansenr.:4128698922 Stillingsprosent: 100% Søknadsfrist: 14.10.2019
14.10.2019 Bergen
Dette kan vi tilby deg
Ingen "salgsargumenter" lagt til!
Kan variere med stilling / arbeidsted
Ingen frynsegoder lagt til!

Rekrutteringskalender

  • OKT 14
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Adresse

5020 BERGEN