Ørsta kyrkjelege fellesråd

Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Ledige stillinger hos Ørsta kyrkjelege fellesråd

Org. nr: - Stillingsident: 4141015700 Presentasjon av stillingen:Ørstakyrkjelege fellesråd har ledig 60% fast stilling somORGANIST/ KYRKJELYDSMUSIKARTeneste i Ørsta fellesrådsområde med utgangspunkt i kontorfelleskap saman med resten av kyrkjestaben i Ørsta sentrum. Ørsta kyrkjelege fellesråd har ansvar for fire kyrkjesokn; Hjørundfjord, Storfjorden, Vartdal og Ørsta i Søre Sunnmøre prosti. Fellesrådet har i dag 9,5 stillingar delt på 15 tilsette i tillegg til 3 prestar med teneste i fellesrådsområdet. Kyrkjeadministrasjonen med kontor for tilsette ligg i Ørsta sentrum.Ørsta kommune finn du midt mellom Sunnmørsalpane, i Møre og Romsdal fylke. Med fjordar, dalføre og bratte fjell ligg det til rette for eit allsidig og variert friluftsliv heile året. Kommunen har om lag 10750 innbyggarar, der om lag 7000 bur i Ørsta sentrum. Kommunen har eit allsidig næringsliv, med jordbruk, fiske og industri. Saman med Volda utgjer Ørsta eit senter med 20.000 innbyggarar. Her finn du vidaregåande skular, høgskule, sjukehus, og regional lufthamn med fleire daglege avgangar til Sogndal/Bergen og Oslo. Ørsta har eit rikt kulturliv. Det finns om lag 350 lag og foreiningar i kommunen, og desse gjev ei stor bredde i tiltak og tilbod. I Hovdebygda finn ein òg nasjonalt senter for nynorsk språk og skriftkultur, Ivar Aasen tunet. Ørsta kommune og regionen rundt har eit rikt musikk og kulturliv som for rett person burde kunne gi gode muligheiter, t.d som freelancemusikar, om ein skulle ønske å arbeide utover dei 60% denne stillinga gir.ArbeidsoppgåverOrganist / kyrkjelydsmusikar skal gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet og samarbeid med musikklivet i bygdene. Organist / kyrkjelydsmusikar er med på stabsmøte og tek del i teamarbeid i kyrkjestaben.Ønska kvalifikasjonar:Vi ynskjer ein person med godkjent kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning/erfaring innan kyrkjemusikk.Må beherske ulike musikksjangerar. Ynskjeleg med erfaring fra kor- og konsertarbeid samt arbeid med born og unge.Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.Personlege eigenskapar:Vi ynskjer ein allsidig musikar, gjerne med erfaring frå korarbeid. Vedkomande må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.Personlege eigenskapar vert vektlagde.Politiattest må kunne framleggast i henhald til kyrkjelova § 29.Vi tilbyrMe kan tilby eit godt arbeidsfelleskap saman med løna og uløna medarbeidarar, engasjerte sokneråd i aktive kyrkjelydar og godt samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen.Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.KontaktinformasjonArnstein Myklebust, Kyrkjeverje, 70048646, arnstein.myklebust@orsta.kyrkja.noArbeidsstedVikegata 5 6150 ØrstaSøk på stillingen:Klikk herNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver:Ørsta kyrkjelege fellesrådReferansenr.:4141015700 Stillingsprosent: 60%Søknadsfrist: 22.10.2019
22.10.2019 Ørsta

Rekrutteringskalender

  • OKT 22
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Adresse

Vikegata 5
6150 ØRSTA