Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Budsjettet vårt er på omlag 8,6 milliardar kroner. Vi har dessutan ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi ønskjer derfor å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Verdiane våre er: * Respekt i møte med pasienten * Kvalitet i prosess og resultat * Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetting når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
For stillingar der det stilles krav til tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven, blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillande politiattest. Interessert i å vite meir om oss? Besøk oss på www.helse-bergen.no
Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.