Sommarjobb Habiliteringstenesta
Har du lyst på ein spanande og variert sommarjobb innafor helse og omsorg? Då er dette jobben for deg!Me har behov for engasjerte ferievikarar i perioden 17.06.2024 - 18.08.2024 ved Habiliteringstenesta på Bømlo.Sommarjobben inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og helg. Me har mange ulike arbeidstidsordningar med utstrakt bruk av lange vakter opptil 12,5 timar. Arbeidsoppgåver og litt om ossHabiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me utgjer 126 årsverk som yt heldøgns tenester i 11 avdelingar. Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre i Habiliteringstenesta. Oppgåver vil vere blant anna å yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla, leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren og andre praktiske oppgåver. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.KvalifikasjonarMe søkjer:Studentar i vernepleie/sjukepleieAndre med helsefaglig utdanning, eller elevar frå helsefag/barn og ungdomUfaglærte med interesse for og kunnskap om miljøarbeid, pleie og omsorg.Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Personlege eigenskaparDu er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andreDu er positiv, engasjert og interessert i helse. Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre. Du er påliteleg og ansvarsfull. Du er fleksibel og løysingsorientert. Me tilbyrSpanande tenester med høve for opplæring og utvikling.Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.BonusSommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.Anna informasjonDet vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4. For arbeid på institusjon og i omsorgstenester, samt legetenesta må du ha fylt 18 år.Søkjarar som kan jobbe heile perioden på 6 veker eller meir vil bli prioritert. Det som er spesielt viktig for oss er om du har høve til å jobbe i juli månad. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn...Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Frode, eller avdelingsleiarar Line, Øyvind, Hilde, Karina, Tone, Line og Annika.KontaktinformasjonFrode Bratten, Verksemdsleiar, 900 12 842, frode.bratten@bomlo.kommune.no
Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar, Aktivitetstunet, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no
Øyvind Marsteen, Avdelingsleiar, Askebærhaugen og Haugen, 926 66 868, oyvind.marsteen@bomlo.kommune.no
Hilde Mæland, Avdelingsleiar, Jensahaugen og Lambhusdalen, 950 25 220, hilde.maeland@bomlo.kommune.no
Karina Torkelsen Solli, Avdelingsleiar, Leirdalen og Risbudalen, 913 10 537, karina.torkelsen.solli@bomlo.kommune.no
Tone Linn Hovland Meling, Avdelingsleiar, Maribu og Slottet, 482 85 897, tone.linn.hovland.meling@bomlo.kommune.no
Line H. Stavland, Avdelingsleiar, Raunevarden og Håvik, 482 76 521, line.hovland@bomlo.kommune.no
Annika Rolfsnes Totland, Avdelingsleiar, Varhaug, 482 86 493, annika.rolfsnes.totland@bomlo.kommune.noArbeidsstadKyrkjevegen 1
5430 BremnesNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4758375472
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024 Epost: frode.bratten@bomlo.kommune.no900 12 842
30.04.2024