I Fjord1 kan du få læretid på gassferjer, konvensjonelle ferjer og passasjerbåtar.
I Fjord1 legg vi forholda til rette for deg som ønskjer å være lærling hos oss. Med meir enn 1000 tilsette på sjø og land er Fjord1 det største ferjeselskapet i Norge. Vi er verdsleiande på å bruke miljøvenlege løysingar i ferjetransport, og vi er opptekne av å tilsetje dei flinkaste folka og gje dei den beste kompetansen.
For deg som ønskjer å lære eit fag frå botn av, som er nysgjerrig og har gode haldningar, kan vi tilby lærlingplassar i motormannsfaget og i matrosfaget.
Opplæring på fleire typar farty
I Fjord1 kan vi gje deg ei variert læretid der du får testa deg sjølv og kunnskapen din på ulike typar farty. Vi har både gassferjer, konvensjonelle ferjer og passasjerbåtar i flåten vår. Byggjer vi nye båtar, er det naturleg for oss å gje deg innblikk også i det arbeidet.
Vil du bli lærling hos oss? Følgjer du desse lenkjene, finn du meir informasjon om korleis du skal gå fram:
Kontakt
Ved spørsmål, ta kontakt med HR-rådgjevar Frode Kjelkenes på 971 43 671 eller frode.kjelkenes@fjord1.no.