Fjord1 har over mange år vore ein aktiv deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket – Karriere i Vestland. I 2021 tok selskapet inn to traineear innan fagfelta rekneskap og løn. Ordninga er ein del av selskapet sin langsiktige rekrutteringsstrategi, og nokre av selskapet sine nøkkelressursar starta si karriere i Fjord1 via traineeprogrammet.
Fjord1 har eit godt samarbeid med ulike maritime fagskular og vidaregåande skular med maritime linjer og har god erfaring med å ta imot skuleelevar til utplassering på fartøya.
Du som søker stilling som trainee:
• har utdanning på bachelor- eller masternivå
• har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
• beherskar norsk som arbeidsspråk
• har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år som vil krevje mykje av deg
Framtidsfylket tilbyr deg:
• ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
• fagleg og personleg utvikling
• innsyn i eit mangfoldig næringsliv som få kjenner til
• fire traineesamlingar og ein utanlandstur
NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket!