Utdanning

Mitt utdanningsløp starta på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) med ein Bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse. Etter fullført studie jobba eg som personleg trenar på Idrettssenteret, før eg tok ein etterutdanning i Praktisk-pedagogisk-utdanning (PPU) ved HiSF. Vidare søkte eg nye utfordringar i Singapore der eg fullførte ein Master in Business and Administration ved James Cook University.

22 ledige Traineestillingar for kullet 2017/18!

Her kan du lese meir om det å vere trainee, her kan du bli kjend med årets kull og her finn fu årets stillingar.

 

Traineestilling

I februar 2016 starta eg i stillinga Kommunikasjonsansvarleg hjå Sogndal Fotball. Til dagen arbeider eg med innhald og kommunikasjon retta mot privat- og sponsornæringa. Kvardagen i ein fotballklubb pregas av høgt tempo, varierte arbeidsoppgåve og kjekke kollegaer. Mitt ansvarsområde inkluderer oppdatering av heimeside og sosialemedier, kommunikasjon om arrangement til våre profilpartnarar, CRM, salsstrategi, arrangementplanlegging og kontakt inn mot vårt Tippeligalag.

Gjennom stillinga i Sogndal Fotball får eg styrka mitt kontaktnett til lokalnæringa, samt moglegheit til å skape gode relasjonar til dei andre Tippeligaklubbane i Noreg. Marknadsavdelinga er regelmessige ute på partnarbesøk, og i løpet av eit år arrangerar me fleire aktivitetar i lag. På landsbasis har klubbane i Norsk Toppfotball fleire fagsamlingar gjennom sesongen, i tillegg er ein ofte rundt på dei andre stadionane. Det er spannande å få kome så tett på ein klubb innan toppidrettsmiljøet i Noreg.

 

Her kan du evt. skrive en bildeoverskrift

Her kan du evt. skrive en bildetekst

FOTO: Her kan du evt. skrive fotograf

Difor søkte eg traineestillinga 

Som nyutdanna var eg ikkje i tvil om å takke ja då det kom eit tilbod frå Sogndal Fotball. Fosshaugane Campus og Sogndal Fotball er ein fantastisk utviklingsarena med gode tradisjonar, samt evne for nytenking og innovasjon. Samtidig var dette var ein ypparleg moglegheit til å vidareutvikle min kunnskap innan marknadsføring, i ein kombinasjon med tidlegare erfaringar frå idretten og Sogndal.

I Sogndal Fotball har eg fått mykje tillit og ansvar, og eg har moglegheit til å bidra i klubbens utvikling. Gjennom opplæring og innføring av nye programvarer jobbar vi stadig mot å løfte kommunikasjonsarbeidet i klubben. Dette for å kunne skape betre, fleire og meir omfangsrike events og merksemd kring klubben og Fosshaugane Campus. Som kommunikasjonsansvarleg er eg ein del av maknadsteamet som aktivt arbeider med å utvikle klubbens kommersielle kommunikasjon.

Fotballen har alltid vært ein stor del av min kvardag, så å jobbe i fotballklubb passar meg perfekt. I tillegg er friluftslivmiljøet i Sogndal heilt unikt, som gjer at eg kan nyte mine interesser innan stisykling og ski.

Stao no pao!