Bakgrunn

Eg er utdanna sivilingeniør i marin teknikk med fordjuping i marin prosjektering. Utdanninga har eg frå ein bachelorgrad ved Høgskulen i Bergen og ein mastergrad ved NTNU med utveksling eit semester ved University of New South Wales i Sydney, Australia. Eg har også ein bachelorgrad innan samfunnsøkonomi ved UiB. Mellom bachelor og master arbeida eg vel eit år som prosjektingeniør hos Havyard Ship Technology.

Trykk på biletet for å sjå Traineestillingane med oppstart i august 2017!

Traineestilling

Eg er trainee på maritim teknisk avdeling i Fjord1. Her skal eg blant anna arbeide med analyser av energiforbruk og miljøpåverknad, energieffektivisering på nye og eksisterande ferjer og generelt anbodsarbeid.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte hovudsaklig på stillinga på grunn av at den verka svært spennande og fordi eg kan vere med på å utvikle betre og meir miljøvennlige løysningar i den maritime transportsektor. Stillinga gir meg også sjanse til å nytte mykje av mi maritime utdanning, men samtidig gir den meg moglegheit til å utvikle meg sjølv vidare og spesielt lære meir om rederidrift, anbodsarbeid og krevjande miljøutfordringar. Fjord1 er leiande på miljøteknologi og der ønsker eg å bidra for at dei fortsatt skal vere i framtida.

Traineestillinga gir også ein unik moglegheit til å knyte nettverk med andre traineear i programmet og å lære meir om andre ulike næringar i Sogn og Fjordane. Det leggast i tillegg opp til faglig og personlig utvikling utanfor arbeidskvardagen gjennom traineesamlingar ulike stadar i fylket.