Utdanning

Sivilingeniør innan elkraft, utdanna ved linja for energi og miljø ved NTNU i Trondheim.

 

Traineestilling

Eg er i hovudsak tilsett i nettavdelinga til Sognekraft og skal jobbe med planleggjing og prosjektering av ulike prosjekt som prosjektingeniør. I starten av traineeåret skal eg vere med energimontørane og sjå korleis dei jobbar – det vert lærerikt då eg ikkje har noko kompetanse på det frå studiane. Seinare skal eg jobbe med prosjektering av ymse prosjekt – noko eg gledar meg veldig til. Eg skal òg hospitere hjå Sognekraft sine avdelingar for stab og marknad.

Trykk på biletet for å sjå Traineestillingane med oppstart i august 2017!

Difor søkte eg på traineestillinga

For meg var det viktig å finne ein arbeidsplass der eg fekk nytte utdanninga mi. Samstundes var ei stilling som prosjektingeniør noko eg godt kunne tenkje meg. I tillegg hadde eg veldig lyst til å finne meg ein jobb i heimfylket, Sogn og Fjordane. Eg valde derfor å søkje på traineestillinga hjå Sognekraft då eg såg at den låg ute. Eg tykkjer òg det er viktig å utvikle Sogn og Fjordane, og eg meiner at energiproduksjon og –distribusjon er ein av fleire viktige faktorar for å få til dette. Det gjer det ekstra kjekt å jobbe i ei verksemd som Sognekraft, der det skjer mykje i tida framover. I tillegg gjev ei traineestilling mogelegheiter som ein ikkje ville fått som fast tilsett i ei ordinær stilling, då ein som trainee får innblikk i fleire avdelingar hjå verksemda. Eg tykte òg at det verka kjekt å verte kjend med andre traineear, og dermed få innblikk i andre yrker og verksemder i fylket. Å verte kjend med andre traineear bidreg òg til nettverksbyggjing på tvers av ulike fagområde, noko som er veldig spennande og positivt.