Gildestad hadde ingen planar om å flytte til Sogn og Fjordane, eller søke jobb der. Men det var før 25-åringen frå Bærum drog på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo. – Ei venninne inviterte meg med dit og då fekk eg sjå alle moglegheitene fylket har å by på. Eg fekk vite om trainee-programmet og synast at det høyrtes interessant ut, seier Gildestad.  

I mai 2016 leverte ho masteroppgåva si i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Tre månader seinare starta ho som trainee ved Vestlandsforskning. Der forskar ho på korleis vår bruk av friluftsliv påverkar lokalsamfunn. Mellom anna jobbar ho med oppdragsforskning om stisykling for ulike kommunar.

– Jobben eg har fått her hjå Vestlandsforskning er heilt spot-on i høve til utdanninga mi og mitt interessefelt. Det kjennast ut som ei forlenging av mastergraden min, samstundes som det her er mykje meir praktisk arbeid, fortel Gildestad.  Ho jobbar med kommunane Sogndal, Luster og Gloppen. Oppdraget går ut på korleis ein bør organisere eller legge til rette for fleirbruk av utmark.

Les artikkelen Frå motorveg til humpete stiar i magasinet #Utanfilter

Ho jobbar mellom anna å kartlegge kor mange som går på tur og syklar dei ulike stadene.  

– Eg har til dømes vore ute og intervjua syklistar. Eg spør kor dei syklar mest og om dei har møtt andre syklister, seier Gildestad. Målet med prosjekta er mellom anna å finne system for betre koordinering av bruk av utmark.

 – Vi kartlegg og prøvar å forstå situasjonen ved å snakke med alle som er brukarar av utmarka. Deretter kan ein foreslå tiltak og så evaluere tiltak, forklarar Gildestad.

I arbeidet møter ho mellom anna forvaltning, syklistar og grunneigarar. Gildestad synast arbeidet er interessant og utfordrande. 

– Så lenge eg vert utfordra og kan bidra, er eg fornøgd. Eg kunne ikkje hatt ein betre jobb, seier ho. 

Trykk her for å sjå dei 27 ledige traineestillingane med søknadsfrist 1.mars.