Eg har tenkt ein del på frasen «flytte heim» etter at familien vår på fire flytta til barndomsbyen min i 2017. Eg flytta ikkje heim. Eg, eller vi, flytta frå ein heim. Både eg og Førde har endra seg sidan eg var 19 år. Du kan ikkje stige ned i same elva to gongar. Vi hadde heile livet vårt i Bergen, og det å bryte opp var tyngre enn vi hadde trudd.

Så kvifor gjorde vi det?

Det starta med ei melding i juni 2017 frå digitaldirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reiel Haugland: «Ein Sandnes ut, på tide med ein ny inn?» og ei lenke til ein jobb som kommunikasjonssjef.

Sparebanken Sogn og Fjordane har alltid betydd mykje for meg. Ny-pensjonerte pappa Kjell Sandnes har jobba der frå eg var tre til eg var 33 år.

Tanken på å få lov til å synleggjere ei bedrift som eg delar verdiar og tankesett med, var forlokkande. Det å vere nær foreldra mine igjen kjentes og rett. Eg er veldig familiekjær og vaks sjølv opp i eit tun med besteforeldra mine. Både eg og mannen vart einige om at dette var ei av desse dørene i livet ein må kikke inn i når dei først er på gløtt. Eg søkte. Så fekk eg jobben.

Retur etter 15 år

Det er heftig å flytte liva til fire personar på grunn av ein jobb. Når tvilen kom, minna eg meg på eksempelets makt. Korleis vi foreldre lev liva våre er den mest effektive måten vi kan lære barna våre om det på. Vi vil at ungane våre skal forstå at livet kan vere litt uforutsigbart av og til, men at dei veit at dei handterer det. Vi vil også at ungane våre skal ta for gitt at kvinner og mødre skal følge sine ambisjonar.

Etter 15 år vekke, var eg derfor på returen. Eg hadde fått gjort ein del på disse åra: Studert grunnfag i Engelsk i Bergen og PR og Informasjon i Volda, hatt ti lærerike år som kommunikasjonsrådgjevar i TV 2, og ganske nyleg starta som innhaldsutviklar i digitalbyrået Knowit Experience.

Nytt liv

Eg starta med å fortelje at det å flytte var verre enn det eg hadde trudd. Men at noko er vanskeleg, betyr ikkje at det er feil. I banken har eg fått ei tillit og tru frå eg starta i november, og eg lærer kvar dag av utfordringane som vert gitt meg.  Kollegaene mine er dyktige og hyggelege. Vi vil kvarandre vel i banken. Eg er no leiar for marknad og kommunikasjon, og rapporterer til administrerande direktør Trond Teigene. Eg trivast i banken og føler meg heldig som fekk jobben. Eg er også takknemleg for mannen min og ungane si innstilling til livet. Den nye heimen går seg og til. Både ungane og vi vaksne blir stadig kjent med nye fine menneske, og vi kjem endå nærare dei vennane vi har her. Vi gler oss veldig over at ungane har besteforeldre i dagleglivet sitt. Flyttinga har gjort oss fire meir samansveisa, det meste går bra så lenge vi har kvarandre.

Så til deg som vurderer å flytte tilbake: Du kan kanskje ikkje stige ned i same elv to gongar, men du kan velje å hoppe i den likevel. Hovudet kjem nemleg alltid over vatnet.