Eg har aldri vert ei av dei som visste kva eg ville bli då eg blei «stor». Men no sitt eg i fast stilling som prosjektingeniør i Florø, og tenker tilbake på kvifor det blei slik. Den beste forklaringa eg kan komme på er flaks og beinhard jobbing.

Gjekk «all inn»

Etter to «friår» og tenketid etter vidaregåande, var eg framleis ikkje sikker på kva eg ville bli. Så når søknadslista for høgare utdanning skulle fyllast inn, fylte eg den opp med alt frå sjukepleiar og tannpleier til maskiningeniør. At valet falt på maskiningeniør ser eg no tilbake på som flaks.

Eg trur eg var heldig med humøret den dagen, for grunnen til at eg valde det var berre fordi eg tenkte eg kom til å angre om eg ikkje prøvde. Og når eg først var innstilt på å gjere noko nytt og spennande så bestemte eg meg for å gå «all in».

Førsteprioritet studieval blei derfor maskiningeniør ved Høgskolen i Østfold – og sommaren 2014 sette eg kursen vekk frå familie, venner, kjærasten og alt anna kjent, mot ei usett leilegheit i ein ukjent by, for å gå eit studie eg eigentleg ikkje visste noko særleg om.

Ingen naturtalent

Med mykje jobb og lite fokus på skule då eg gjekk på vidaregåande, starta eg ingeniørutdanninga med ei kjensle av at forkunnskapane kanskje ikkje var heilt på plass. Så eg satt meg eit mål om at eg etter første semester skulle bestå i fleire fag enn eg strøyk i.

Eg er ikkje eit «naturtalent» og måtte snu og vri kvar einaste hjernecelle for å gjere det bra. Det å fullføre studiet tre år seinare med toppkarakter på bacheloroppgåva, patentsøknad og jobbtilbod gav ei ubeskriveleg kjensle av meistring.

Arbeidsdagen er for kort

No har eg vore hos Westcon i litt over eitt år. Kvardagen min som prosjektingeniør kan innehalde kundemøter, tekniske berekningar, design og mykje meir. Det er ein jobb som er krevjande, interessant og veldig variert. Lysta til å lære nye ting blir berre større og større, og eg er utruleg takknemleg for at eg har ein jobb som lar meg gjere det.

Eg valde å ta sommarferien seint, så medan «alle andre» har hatt ferie, har eg sprunge rundt på verftet i sjeldne høge varmegrader og solsteik, og kjent på at eg synst arbeidsdagen er for kort. Det tar eg som eit sikkert teikn på at eg verkeleg har funne ein jobb som både interesserer og engasjerer meg.

Ser berre fordelar med Sogn og Fjordane

Eitt år i Westcon betyr også at eg er ferdig med eitt år i Framtidsfylket sitt traineeprogram- eit program som verkeleg opna auga mine for alt Sogn og Fjordane har å by på! På førehand trudde eg at eg visste om dei fleste bedriftene i fylket, men i løpet av traineeåret har eg fått møte eit mangfald av bedrifter eg ikkje visste eksisterte.

Eg er imponert over kor mange dyktige og framoverlente personar og bedrifter vi har i fylket, og blir for kvar dag som går meir og meir overtydd over at det berre er fordeler med å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Eg trur at ein på ein mindre plass får raskare ansvar og fleire meiningsfulle oppgåver enn folk som jobbar på større stader. Og med fjellet på eine sida og sjøen på andre kjeder ein seg sjeldan, så lenge ein er glad i å vere utandørs. Eg har endå til gode å kjenne på kjensla av at eg ikkje har noko å gjere på – berre at eg alltid har for lita tid til å gjere alt eg vil!.