I Hareid har primærnæringane fiske og jordbruk vore viktige. Og i nyare tid har kommunen utvikla ein svært variert industri. Møbelindustri, store verksemder innan fisketilverking, mange bedrifter relatert til maritim skipsindustri, tre- og byggevareindustri, betongindustri, varehandel og transport er berre nokre av døma på det mangfaldige næringslivet i Hareid. Dei største arbeidsplassane ligg i Hjørungavåg og Hareid sentrum.
Hareid kommune ligg geografisk gunstig plassert for å bli ei framtidig bu- og næringskommune. Kommunen har ein allsidig industri.
Kommunen ligg på aksen mellom Ulstein og Ålesund og har eit godt og teneleg service- og tenestetilbod.