<  
>  

Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar

Stillingstype
Sted
Yrke
Utdanningsnivå
Bachelorgrad eller tilsvarende
Mastergrad eller høyere
Blokk fra mal
Dette innholdet er hentet fra en Innholdsmal og kan kun redigeres ved å oppdatere Innholdsmalen. Ved å oppdatere Innholdsmalen, vil alle steder den er brukt automatisk oppdateres noe som muliggjør masseoppdateringer.
Om traineeprogrammet

Haukeland universitetssjukehus tilbyr traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Gjennom traineeordninga vil vi gi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i din vidare sjukepleiarkarriere.

​​​​​​​Traineesjukepleiarane blir tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og traineeprogrammet strekk seg over to år. Ved oppstart får ein 3 dagar fellesopplæring/kurs. Traineeprogrammet inneber elles 14 enkeltståande fagdagar samt rettleiing i grupper på dei fleste fagdagane.

Traineeløpet er delt inn i 3 arbeidsperiodar, kvar på 8 månader. 

For kull 2023 vil vi prøve løp med ulike innretningar for arbeidsstad/fagområde:

1. Ordinært traineeløp, med medisin, kirurgi og psykiatri 

2. Psykiatri- og rusløp, med to periodar innan rus og psykiatri

3. Barne- og ungdomsløp, med fagområde somatikk og psykiatri for barn og unge

4. Overvåkingsløp, med fagområde spesielt retta mot overvåkingseiningar

Du vil motta meir informasjon på e-post dersom du søker som trainee.

Korleis søke stilling?

Stillingsutlysinga blir lagt ut i november kvart år.  Rekrutteringa skjer i desember.

Korleis jobbar ein i praksis?

Traineesjukepleiar følger den ordinære opplæringa ved avdelinga dei har arbeid, og får same oppfølging som vert gitt til nytilsette sjukepleiarar ved aktuell avdeling. Traineestillingane inngår i den daglege drifta ved avdelinga og i avdelingas arbeidsplanar, vanlegvis 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.

Nokre av traineestillingene vil få ein kombinasjon av stilling mellom sengepost og stilling i Bemanningssenteret. Når ein har stilling i Bemanningssenteret går ein vikarvakter ved ulike avdelingar.​

Vi ser etter deg som:

• Er nyutdanna sjukepleiar

• Er fagleg sterk og har gode praktiske ferdigheiter

• Liker utfordringar

• Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver

• Er positiv og stolt av sjukepleiaryrket

• Har engasjement for pasientane

• Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver

• Er modig og motivert for variert arbeidserfaring

• Har gode kommunikasjonsevner

• Er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre 

Kva kan vi tilby deg?

• Full fast stilling - også etter at traineeperioden på 2 år er over

• Faglege utfordringar som gir deg breiddekompetanse og organisatorisk kompetanse

• Eige opplæringsprogram gjennom heile perioden

• Deltaking i rettleiingsgruppe​

Blokk fra mal
Dette innholdet er hentet fra en Innholdsmal og kan kun redigeres ved å oppdatere Innholdsmalen. Ved å oppdatere Innholdsmalen, vil alle steder den er brukt automatisk oppdateres noe som muliggjør masseoppdateringer.
Om Helse Bergen Haukeland Universitetssjukehus

Helse Bergen, Haukeland universitetssykehus, har over 12.000 ansatte som har som mål å gi best mulig behandling og pleie til pasientene våre, og rett opplæring til våre pasienter og pårørende. Hvert år behandler vi over 800.000 pasienter og bidrar i utdanningen av et par tusen helsearbeidere. Forskning er en viktig oppgave, og vi er blant de fremste i landet innenfor dette feltet. Les mer på www.helse-bergen.no eller facebook.