Vikariat som jurist i spesialisthelsetenesteavdelinga
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?Spesialisthelsetenesteavdelinga har ansvar for å vidareutvikle spesialisthelsetenesta, med særleg merksemd på kvalitet og tilgjengelegheit og følgjene av demografisk, medisinsk og teknologisk utvikling. Avdelinga har fire seksjonar.Juridisk team i spesialisthelsetjenesteavdelinga er en del av Seksjon for helsefag i spesialisthelsetjenesteavdelinga.Seksjonen skal leggje til rette for å utvikle spesialisthelsetenesta innanfor områda somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Seksjon for helsefag består av 15 engasjerte kollegaer, og vi er fire juristar i juridisk team.Vi har eit ledig vikariat som rådgivar/seniorrådgivar med oppstart snarast og fram til 1. mai 2025.ArbeidsoppgåverDen nye kollegaen vår skal arbeide med:juridisk sakshandsamingutgreiingsoppgåver/regelverksarbeid for spesialisthelsetenesta i eit samarbeid med dei andre avdelinganevanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar og førebu saker til den politiske leiinga knytte til saksfeltet avdelinga sine oppgåver for å ta vare på rettslege omsyn og god forvalting.Kvalifikasjonar og eigenskaparDu må hajuridisk embetseksamen/master i rettsvitskaprelevant arbeidserfaring som juristsvært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelskinteresse for helsetenestaVi legg vekt på om du har erfaring frå offentleg forvalting.For stilling som rådgivar krev vi som hovudregel minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgivar som hovudregel minst 6 år relevant erfaring.Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova.Den nye kollegaen vårtek initiativ, er sjølvstendig og strukturert har god gjennomføringsevnearbeider effektivt under stramme tidsfristarhar gode samarbeidsevner og evne til å arbeide tverrfagleg pliktoppfyllandeer raus, fleksibel og omgjengeleghar god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessarVi legg særleg vekt på om du er eigna som person.Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på ArbeidsgjevarportalenVi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Vi tilbyrVikariat fram til 1. mai 2025Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåverEit spennande fagmiljø med gode høve til fagleg utviklingEit godt arbeidsmiljøStillingsbrøk på 100 %Fleksibel arbeidstidTrening i arbeidstidaLes meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementetVi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova.Løn:Kr 630 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.Slik søkjer duSend søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV. Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR. Unntak fra offentlig søkerliste I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Epost: kari-sekkenes.tandberg@hod.dep.no90917912
05.04.2024
Oslo