(KarriereStart.no): 

Navn: Øyvind Oppheim 
Alder: 25 år 
Stilling: Project Engineer, Mechanical 
Arbeidsgiver: Havyard MMC Fish Handling AS 
Utdanning: Fagskuleingeniør innen maskinteknikk 
Ansatt siden: 2012 

Fortell kort om hva du jobber som og hvor?

Eg jobbar i Havyard MMC Fish Handling AS i Fosnavåg. Der har eg stilling som «Project Engineer» (prosjektingeniør) på mekanisk avdeling, og har prosjektrolle som «Process Leader Engineering» (prosessleiar for ingeniøraktivitetane i eit prosjekt).

Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? 

Ein typisk arbeidsdag for meg er på kontoret i Fosnavåg, der eg kombinera rollene som prosjektingeniør og prosessleiar. Ein normal dag for ein prosjektingeniør består av modellering, og utarbeiding av produksjonsunderlag, men det blir også nokre arrangementsteikningar og systemteikningar. Ein stor del av arbeidet består i utvikling av nye produkt, samt forbetring av eksisterande. I produktutviklinga føretek vi styrkeberekningar der vi brukar ein kombinasjon av manuelle berekningar og fem analyser. Ettersom produksjonsavdelinga er i same bygg som ingeniøravdelinga kan vi følgje produkta våre frå første teikningsutkast til ferdig produkt vert sendt ut porten. Kompliserte prosjekt med mykje utviklingsarbeid følger vi opp ved å reise på korte turar for å assistere i delar av monteringsprosessen.


Rolla som prosessleiar på teknisk er ein del av prosjekt organisasjonen, rolla går ut på å ta ansvar for ingeniøroppgåvene innanfor dei prosjekta ein har fått tildelt. Som prosessleiar er eg ansvarlig for utarbeiding av planar, oppfølging og koordinasjon av ingeniørar. Eg held statusmøter og design review-møter ved behov for å sikre god framdrift, at produktet blir som venta, og i henhold til systemteikning.


Hva skal til for å lykkes i ditt yrke?

For å lykkast i mitt yrke er det viktig å vere ansvarsbevisst, systematisk, ha pågangsmot og stå-på-vilje. Bakgrunnen min med fagbrev og litt praktisk erfaring har også vore til stor hjelp i jobben min.

LES OGSÅ: Hundefører - yrket på to minutter - hva gjør en hundefører?

Hvordan er den typiske karriereveien videre i ditt yrke eller din bransje?

Den typiske karrierevegen vidare i mitt yrke vil vere stilling som prosjektleiar eller avdelingsleiar.

Hva er de typiske startjobbene og arbeidsoppgavene for nyutdannede som starter i ditt yrke eller din bransje?

Typiske startjobbar består i lette teikne- og konstruksjonsoppgåver. Men størrelsen på utfordringane aukar raskt og ein får ei bratt læringskurve.

Klikk her for å se alle traineeprogrammer i Norge  

Hvordan og hva tror du gjorde at nettopp du fikk denne jobben?

Eg fekk jobben gjennom ein open søknad. Grunnen til at eg fekk jobben vil eg tru er at eg hadde relevant utdanning i kombinasjon med praktisk erfaring.

LES OGSÅ: Personlig trener på to minutter - Yrket på to minutter - Hva gjør en personlig trener?

Hva er dine anbefalinger eller råd til personer som vil begynne i samme yrke?

Skaff deg praktisk erfaring og stå på gjennom utdanninga. Målet med utdanninga di må vere å kunne tilføre meir kompetanse til bedrifta du startar i. Første jobben bør vere i ei passe stor bedrift i vekst. Det er gjerne der ein får brattast lærekurve og størst utfordingar, da har ein bruk for alt ein lærte på skulen, og litt til.

Er det noen spesielle krav som stilles for å få en jobb som den du har?

Kravet for å bli Project Engineer generelt er å ha fagbrev og fagskule-, eller bachelorgrad innen mekanisk.


Hva synes du er det beste med å jobbe i ditt yrke / din bransje og har dere noen gode frynsegoder?

LES OGSÅ: Barnehagelærer - yrker på to minutter - hva gjør en barnehagelærer?

Det beste med å jobbe i mitt yrke er at ein får vere med på å løyse utfordringar ved å skape noko ut i frå eigen kreativitet og kunnskap. Frynsegodene i Havyard MMC Fish Handling er gode treningsavtalar, pensjonsavtale, og sosiale aktivitetar via velferdskomiteen.

Klikk her for å søke blant tusenvis av ledige stillinger 

Klikk her for å søke blant tusenvis av ledige stillinger