Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med med 15.400 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, 30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, og derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Eining
Vi har ledig 100% stilling som tømrar i eining for eigedom. Dei viktigaste oppgåvene i eininga
er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg. Vi har i dag over 100.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 200 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal.
Arbeidsoppgåver
- Reperasjon og vedlikehald av kommunale bygg
- Mindre tilbygg, endringar og ombyggingar
- Tilsyn med kommunale bygg
- Anna forefallande arbeid
Ønskt kompetanse
- Fagbrev tømrar
- Relevant erfaring
- Meistra norsk munnleg
- Pliktoppfyllande og lojal
- Positiv og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner
- Arbeida sjølvstendig, men også lagarbeid
Vi tilbyr
- Ein spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
- Tilsetjing i hht gjeldande lov- og avtaleverk
- Vi tilbyr eit godt kollegialt miljø som har fokus på fleksibilitet og gode tenester
- God pensjonsordning
- Ein god og trygg arbeidsplass
Søknad
Søknad sendest via vår elektronisk heimeside www.lindas.kommune.no
Søknadsfrist:29.11.18
Arbeidsgiver:LINDÅS KOMMUNE
Sted:Stab samfunnsutvikling og kommunalteknikk
Adresse: 5914 ISDALSTØ