P
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Politiet, Vest pd
Registrer deg i CV-database

Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.

Politiførstebetjent - teamleiar - Vest politidistrikt - BSE - Seksjon for forebygging, patrulje og generell etterforskning - Avsnitt for politipatrulje 1-5
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen


I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden, er det ledig eit antal faste stillingar som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som teamleiar ved Avsnitt for politipatrulje 1-5. Stillingane er for tida stadsplassert ved Bergen sentrum politistasjon. Tenesta inneber skiftarbeid.

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene.
Søkjarane må kunne nytte både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.

Søkjarar må opplyse om dei har god helse og leggje fram helseattest på førespurnad.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk
mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Då må stadfesta attestar og vitnemål takast med. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Arbeidsoppgåver

  • Teamleiar for patruljemannskapa og det operative arbeidet
  • Ansvarleg for å mønstre/utplassere mannskapa
  • Ansvarleg for å samhandle og koordinere tenesta opp mot avsnittsleiar
  • Etterforskingsleiing i førstelinje
  • Bruke politiets dataverktøy i den daglege leiinga
  • Bruke politiarbeid på stedet (PPS) som arbeidsmetode, og motivere medarbeidarane til bruk av PPS
  • Medansvarleg for tilbakemeldingsmøter
  • Operativ fagleiing i kunnskapsstyrt politiarbeid
  • Bidra til effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidare og andre seksjonar
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Søkjar må vere IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP4-godkjend
  • Brei politifagleg bakgrunn, mellom anna frå orden
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Erfaring med bruk av politiet sine IT-systemer
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kompetanse i bruk av PPS er ein fordel
  • Kunnskap om HMS-arbeid er ein fordel

Utdanningsnivå

  • politiskole/politihøgskole

Personlege Eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Ha evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne i hektiske og pressa situasjonar
  • Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane
  • Mål- og resultatorientert og evne til kreativ problemløysing
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Evne til å bygge gode relasjoner

Vi tilbyr

  • Stillinga blir lønna som politiførstebetjent SKO 0285 frå ltr 63/ kr. 555 100 til ltr 66/kr 586 500 brutto per år. Endeleg lønnsplassering avheng av kvalifikasjonar
  • Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida
  • Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Ole Bjørn Sveen, Fungerande seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

 Bergen



Adresse: 5804 BERGEN


Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/1161364
Søknadsfrist : Snarest

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
Etter avtale Fast ansettelse, Heltid Bergen