Klinikk for medisin og rehablitering - Avdeling for rehabilitering, revmatologi og hud - Seksjon Mork rehabiliteringssenter
Vi ved Mork Rehabiliteringssenter i Volda søkjer etter overlege innan fysikalsk medisin og rehabilitering til ei ledig fast stilling på 100% frå 1. mars 2019. Nevrolog og geriater kan også søke.
Almennlege spesialister kan også søke, og kan då bli tildelt vikariat i eitt år.
Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. Denne består av fire seksjonar: Mork Rehabiliteringssenter, Aure Rehabiliteringssenter, Fysikalsk medisin og rehabilitering sin sengepost og poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Vi har felles avdelingssjef og medisinsk fagleg rådgjevar som er lokalisert ved Ålesund sjukehus.
Mork Rehabiliteringssenter ligg i naturskjønne omgjevnader sentralt mellom Ørsta og Volda, med kort veg til sjukehuset i Volda og Ørsta Volda lufthamn Hovden. Senteret legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane. Rehabiliteringssenteret dekker eit stort geografisk område og tek imot pasientar frå sjukehusa og frå kommunane i Møre og Romsdal.
Mork Rehabiliteringssenter har 18 døgnplassar og gir tilbod om rehabilitering til pasientar med komplekse funksjonsvanskar. Aktuelle diagnosegrupper er hjerneslag, erverva hjerneskadar, multitraumer, følgjetilstandar etter kreft og andre med behov for spesialisert rehabilitering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
Personlege Eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig, men samstundes fungere godt i tverrfagleg samarbeid.
- Må meistre norsk språk munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
- Arbeidstid kvardagar 08.00 -16.00. Ingen vakter. Mork har tett samarbeid med Volda sjukehus og har vaktteneste derfrå utanom ordinær arbeidstid.
- Vi tilbyr godt tverrfaglig arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Steinar Gjærde, Avdelingssjef,
Logg inn for å se kontaktinformasjonAnita Myklebust Nybø, Seksjonsleiar,
Logg inn for å se kontaktinformasjonIngvild Kjeldberg, Medisinsk fagleg rådgiver,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Volda
Adresse: 6100 VOLDA