A
  • Abonner på stillinger
  • Følg
  • Les mer om Austevoll kommune
Registrer deg i CV-database

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboarar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.

Austevoll kommune har ledig stilling som rektor ved Storebø barneskule

Rektor Storebø skule
Viktig melding: Denne stillingen har utlopt / er ikke aktiv
Om stillingen

Lyst til å utvikle framtidas skule i Austevoll kommune?

Vi har ledig stilling som rektor ved Storebø barneskule

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad
Storebø skule skal vere ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 300 elevar og ca. 50 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling. Vi har felles skulelunsj ordning for 5. -- 7. trinn i elevkantine.

Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Austevoll kommune. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Rektor rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og inngår i denne sitt leiarteam

Arbeidsoppgåver

  • Å leie skulen sitt leiarteam
  • Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
  • Økonomiansvar
  • Forvaltningsoppgåver
  • Overordna personalansvar
  • Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
  • Samarbeid med politisk og administrativt nivå
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. I tillegg til undervisningskompetanse, god IKT-kompetanse og relevant leiarerfaring må du

  • ha evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
  • ha evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
  • ha engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
  • vere løysningsorientert

Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Leiarstøtte
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Stillinga er ledig frå snarast og etter avtale.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.




Adresse: Uteflorsvegen,5392 Storebø

Web: http://www.austevoll.kommune.no

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Internett: https://karrierestart.no/ledig-stilling/1184946
Søknadsfrist : Snarest

Fakta om stillingen og søknadsprosess

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidssted
06.01.2019 Fast ansettelse, Heltid Austevoll