Vår dyktige kommunikasjonssjef har fått ny jobb, og vi søkjer no hennar etterfølgjar.
Oppgåver
Som kommunikasjonssjef vil du få ansvaret for å leie og utvikle kommunikasjonseininga som støttespelar for politisk leiing og embetsverket i departementet, både i det daglege og strategisk langsiktige arbeidet. Kommunikasjonssjefen er ein del av den administrative toppleiinga i departementet, og vil også ha eit medansvar for å styre, drive og utvikle departementet som profesjonelt forvaltningsorgan og støtteapparat for den politiske leiinga.
Kommunikasjonssjefen har for tida personalleiaransvar for fem personar. Kvardagen i eininga er prega av høgt tempo og varierte oppgåver, som til dømes kontakt med media og publikum, samarbeid med og bistand til politisk leiing og fagavdelingane i departementet, planlegging og gjennomføring av pressekonferansar, utarbeiding av innlegg og talar, publisering av nyhende på regjeringen.no, i sosiale media m.m. Du blir del av ei vaktordning som skal sørgje for at eininga kan løyse kommunikasjonsoppgåver utanfor ordinær arbeidstid. Noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning, med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. Du må òg ha god og dokumentert leiarerfaring, og solid kommunikasjonsfagleg erfaring. Kunnskap om og erfaring frå fagområda til departementet er ein fordel. Du må ha god forvaltningskompetanse og vurderingsevne, og du må forstå politiske prosessar og rolla som kommunikasjonssjef i eit departement. Evne til å tenke overordna og strategisk vert vektlagd.
Du må ha evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt. Du kommuniserer godt på begge målføre og på engelsk, både munnleg og skriftleg.
Du har eit godt lag med folk, og du får fram det beste i medarbeidarane dine.
Det er eit krav om at du kan få tryggingsklarering.
Stillingsplassering og løn
Kommunikasjonssjef kode 1535. Løn etter avtale.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetning på tvers av alder og kjøn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne, og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Som IA-verksemd vil vi leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Offentleggjering
Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
KontaktFor meir informasjon om stillinga, kontakt vår rekrutteringskonsulent Ann-Kristin Hedman Nyrønning i firmaet BackerSkeie Executive Search & Selection på mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller departementsråd Kristin Berge på mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Adresse: Oslo
Web: http://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/ledige-stillinger-i-departementene.html?id=451314