Har du erfaring med økonomi? Er du blid, imøtekommande og har lett for å prate med folk? Er du glad i sal og service og vil du ha variasjon i arbeidsdagen? Synast du i tillegg at det er gøy med kulturhistorie? Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg! Grunna permisjonar lyser museet ut eit engasjement/vikariat i 50%, med moglegheit til utviding til 60%. Engasjementet er fram til 31.12.2019. Stillinga har arbeidsplass i Nesasjøhuset og inngår i vaktordning for museumsvertane. Det inneber jobb i museets opningstid og opp til 2 søndagsvakter i månaden. Stillinga er todelt med oppgåver som kontormedarbeidar og museumsvert.
Arbeidsoppgåver: Som kontormedarbeidar skal du jobbe med post-, ekspedisjons- og sentralbordtenester, og bidra til løypande behandling av inngåande fakturaer, kundar, varebestilling, leverandørar, samt andre administrative oppgåver. Du må ha ein grunnleggande forståing for administrative system og noko kompetanse innan økonomi. Nødvendig opplæring vil bli gitt, men du bør ha utdanning eller lengre erfaring innan feltet. Som museumsvert er du museets ansikt utad. Du tar i mot besøkande med eit smil og på ein profesjonell måte. Du betener kassen og har ansvar for museumsbutikken og kafeen. Du må vere serviceorientert, påliteleg og klare å halde hovudet kaldt når det blir travelt. Du skal få ansvar for å lage og følge opp vaktlista for museumsvertane og inngå sjølv i vaktlista. Det inkluderer noko søndagsarbeid.
Me tilbyr:
• Eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske tilsette.
• Medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP).
• Løn og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten. Stillinga er plassert i stillingskode 1065 konsulent.
• Variert arbeidskvardag.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kontorleiar Sanja Ignjatic, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller avdelingsleiar Janneke Wijgergangs, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon. Søknad med CV og referansar kan sendast til Logg inn for å se kontaktinformasjon. Søknadsfrist: 30.01.2019 Originale vitnemål, attestar og annan dokumentasjon må leggast fram etter nærmare førespurnad.
Krav(kvalifikasjoner)
- Utdanning innan økonomi og administrasjon er ønskeleg
- Erfaring med administrative oppgåver og butikk eller anna salsverksemd
- Gode datakunnskaper
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Initiativrik, handlekraftig, sjølvstendig og resultatorientert
- Positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonAdresse: SAND
Web: https://www.ryfylkemuseet.no
Logg inn for å se kontaktinformasjon