Overlege - Hjerteavdelingen, Hjerte thoraxkirurgi
To stillingar som overlege (100%) ved Thoraxkirurgisk seksjon, Hjarteavdelinga.
Stillingsnummer 5094 og 9721.
Det vert samstundes lyst ut 20% professorat (evt. 1. amanuensis) ved Universitetet I Bergen, Institutt for kirurgiske fag, knytt opp mot stilling overlege i thoraxkirurgi ved Hjarteavdelinga. Sjå eigen annonse.
Det er ledig to stillingar som overlege ved Thoraxkirurgisk seksjon ved Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssykehus.
Seksjonen har ein sengepost på 29 senger, av dei 6 til intervensjonskardiologi. Seksjonen tek hand om omlag 1000 inneliggjande pasientar årleg, og har i tillegg poliklinisk verksemd. Der er 7 overlegestillingar, 2 LIS stillingar for greinspesialisering i Thoraxkirurgi (B-grein), 2 fordjupingsstillingar (D-stillingar) og ein LIS stilling i rotasjon frå kirurgisk avdeling. Overlegar går for tida i 6-delt bakvakt. Den 7. overlegen er tiltenkt primærvakt, eller bakvakt, etter kva avdelinga treng.
For sjukdommar i koronarkar, klaffer og thorakale aorta, har avdelinga utstyr og kompetanse for alle slag moderne kirurgi, og har kapasitet til ca. 650 operasjoner med bruk av ekstrakorporeal sirkulasjon årleg. Innanfor non-kardial kirurgi, der lungekirurgi, mediastinal kirurgi og pectus-operasjonar dominerer, vert det no gjort omlag 200 operasjonar årleg. Det kjem også ein del tilvisingar frå andre regionar. Seksjonen ønskjer å styrke den totale kompetansen i non-kardial kirurgi, spesielt lungekirurgi og bruk av minimalt invasiv teknikk, både klinisk, organisatorisk og med omsyn til forsking. Den som vert tilsett, må vera budd på å ta ein stor del av ansvaret for denne verksemda.
Sjukehuset har og regionalt traume-senter som gjev aukande krav til verksemda.
Søkjar må ha spesialistkompetanse i thoraxkirurgi. Det vert kravd brei røynsle i hjarte- og lungekirurgi med bakvaktskompetanse. Det vert også lagt vekt på røynsle innan forsking, samt generell klinisk og organisatorisk verksemd. Dei som også søkjer universitetsstillinga, må ha norsk dr. grad i medisin eller forskingskompetanse svarande til dette.
Utfyllande opplysingar om stillingane kan ein få ved å venda seg til professor/seksjonsoverlege Rune Haaverstad, Thoraxkirurgisk seksjon, Hjarteavdelinga (tlf. 05300/95437374; e-post:
rune.haaverstad@helse-bergen.no). Spørsmål om lønsvilkår kan rettast til avdelingsdirektør Jan Erik Nordrehaug.
Arbeidssted:
- Helse Bergen, Haukeland US
Diverse:- Stillingsbrøk: 100%
- Fast
- Tal på stillingar: 2
- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.06.2012
Kontaktperson(er):
Professor/seksjonsoverlege Rune Haaverstad, tlf. 95437374
For fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]