Me skal omorganisera einingane for plan, areal ,miljø og teknisk drift, og i den samanheng har me no ledig 100 % fast stilling som kontormedarbeidar for den nye felles eininga.
Kontormedarbeidaren vil jobba tett saman med einingsleiinga og vil vera ei viktig brikke i den daglege drifta. Me ser etter nokon som er initiativrik og som kan arbeida effektivt og sjølvstendig.
Arbeidsoppgåver
- Administrativ støtte til einingsleiinga
- Betalingar og visse typar offentlege innkjøp
- Einskilde oppgåver knytt til personal
- Digitalisering og arkivering
- Oppgåver knytt til etaten sine ulike fagfelt, til dømes mottakskontroll i byggjesaker, produksjon av situasjonskart eller matrikkelføring
- Førefallande administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, til dømes økonomi eller administrasjonsfag. Relevant erfaring kan kompensera for manglande relevant utdanning.
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men er ikkje eit krav
- Erfaring fra og interesse for eininga sine fagfelt vil vera ein fordel
- Gode datakunnskapar
- Evne til å arbeida nøyaktig, ryddig, effektivt og sjølvstendig
- Me vil leggja vekt på om søkjar er personleg skikka til jobben
Me tilbyr
- Høve til vidareutdanning
- Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
- Hjelp til å skaffa bustad
- Løn etter avtale
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med kommunalsjef Arne Bu.
Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no.
Søknad med CV kan du senda inn elektronisk, Arkivsak nr; 19/251
Søknadsfrist er tysdag 29.april 2019.
Adresse: Eidfjord