Mo og Øyrane v.g.skule er ein vidaregåande skule som ligg i Førde kommune. Skulen har 590 elevar innan studieførebuande og yrkesfaglege programområde.
Mo og Øyrane v.g skule i Førde har frå og med 07.08.19 ledig læreplass i hestefaget. Læretida er 2-årig og skal avsluttast den 07.08.21 med fagprøve. Læreplassen er lagt til den del av skulen som ligg på Mo. Det er eit krav for tilsetjing av lærling av hestefaget, at søkjarane har gjennomført og bestått VG2 hest- og hovslagarfag.Tilsetjing som lærling i hestefaget skjer i samsvar med lover, forskrifter og regelverk i kommunal sektor. Kontrakt om læreplass vert inngått etter at det er lagt fram tilfredsstillande politiattest, jf. Opplæringslova §10-9, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Det gjeld 6 md prøvetid, jf. tilsetjingsreglementet i fylkeskommunen §8.2. Nærare opplysningar om læreplassen kan ein få ved å kontakte faglærar i hestefaget, Harald Løtuft, på tlf Logg inn for å se kontaktinformasjon.Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk, eller pr post til Mo og Øyrane v.g.skule, Movegen 30, 6819 Førde. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervjuSøknadsfrist 14. mai 2019.
Adresse: 6800 Førde