Miljøterapitenesta (tidlegare Tenesta for funksjonshemma) søkjer etter helsefagarbeidar i 63,5% vikariat med moglegheit for fast tilsetjing. Personar med relevant erfaring kan også vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
- ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan miljøterapi/bufellesskap
- må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- ønskjeleg med relevant fagkompetanse.
Eigenskapar
- Evne til å arbeide brukar-/pasientretta.
- Evne til samarbeid.
- Strukturert og sjølvstendig.
- Kreativ, nytenkande og fleksibel.
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.
Ein personleg assistent er ei alternativ organisering av ordinære heimetenester, t.d. støttekontakt, heimehjelp og miljøarbeid. Miljøterapitenesta søkjar etter to personlege assistentar (PA):
PA 4. kvar helg, fire timar laurdag og fire timar sundag.
PA 5,5 timar kvar veke(mogleg fleire timar etter evaluering).
PA bør helst ha erfaring frå miljøarbeid, vere glad i friluftsliv/aktivitet, like kino/teater og ha førarkort i kl. B. PA kan også pårekna å vere tilkallingsvikar ved behov/ønskje.
Ved spørsmål, ta kontakt med tenesteleiar for miljøterapitenesta, Ivar Vistekleiven på mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Søknad skal sendast på. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Søknadsfrist: 07.06.19.
Adresse: Vågå kommune