Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Sognekraft har for tida høg aktivitet med bygging av Leikanger kraftverk og prosjektering av andre nye vasskraftprosjekt. Vi søkjer derfor etter initiativrik, samarbeidvillig og resultatorientert prosjektleiar i utbyggingsseksjonen.
ARBEIDSOPPGÅVER
Sikre framdrift, kvalitet, økonomi og sikkerheit i utbyggingsprosjekta
God kommunikasjon med alle involverte, i Sognekraft, mot entreprenørar, konsulentar, publikum og kommunar
Ha ulike andre oppgåver i prosjekta som er i gang, t.d. kontrollingeniør, HMS-ansvar og byggjeleiing
KVALIFIKASJONAR
Utdanning frå universitet eller høgskule innan bygg- og anlegg, maskin eller elektro
Erfaring frå prosjektleiing
God formidlingsevne på norsk munnleg og skriftleg
Kjennskap til norsk regelverk, kontraktsstandarar og byggherreforskrifta
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Strukturert og målretta
God beslutningsevne og samarbeidseigenskaper
Vere pådrivar i utvikling av lagånd og trivsel
VI TILBYR
Unik moglegheit til å delta i utbygging av nye vasskraftanlegg
Jobbe med fornybar energi
Konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkår
Arbeidsplass med stor takhøgd, mykje moro, fagleg fokus og spennande arbeidsoppgåver
Vi ønskjer fleire kvinnelege kollegaer. Kontorstad i Vik eller Sogndal.
Sognekraft produserer, overfører og sel energi. Selskapet driftar vasskraftstasjonar med ein årleg produksjon på vel 720 GWh, samt eit fjordenergianlegg. Vidare eig, driftar og forvaltar selskapet regional- og distribusjonsnett på 1872 km samt eit omfattande fibernett. Konsesjonsområdet omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal samt Frønningen i Lærdal kommune
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.