<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen AV-koordinator

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

AV-koordinator

Vil du være med på å skape framtidas lærings og formidlingsmiljø på UiB?
Vi skal oppdatere og vidareutvikle undervisningsrom og skape nye læringsarenaer i tida framover, og søker etter ny medarbeidar.

Ved IT-avdelinga, Faggruppe for Samhandlings- og Undervisningsteknologi, er det ledig ei fast stilling som overingeniør/senioringeniør knytt til innkjøp, utvikling og drift av AV i undervisningsrom. Stillinga kan også verte tillagt oppgåver med utvikling og drift av andre AV- og IT-løysingar samt oppgåver knytt til generell drift av løysingar for AV og anna undervisningsteknologi.

UiB har over 200 undervisningsrom. Me er inne i ei reise frå tradisjonelle AV-løysingar og over i AV-over-IP, fleksible læringsareal og nye læringsformer, men også i ei reise der dagens AV-løysingar skal overvakast og administrerast med størst mogleg automatikk og minst mogleg spesialtilpasning.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette

Arbeidsoppgåver:
  • Innkjøp, drift, løysingsdesign og vidareutvikling av AV og undervisningsteknologi ved UiB
  • Samarbeid med og oppfølging av leverandører av AV-utstyr og service
  • Konfigurasjonsstyring, sikring og robustisering av løysingane du har ansvar for
  • Feilsøking og feilretting på tenesta
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar
  • Anbod og avrop på avtalar ved bestilling av nye løysingar
  • Utredning, prosjektdeltaking eller -leiing innan dine eller nærliggande fagområde
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Grunnkompetanse innan nettverk og IT
  • Dybdekompetanse og praktisk erfaring innan AV, lyd og bilete
  • Grundig, detaljorientert, men må også ha evne til å sjå samanhengar
  • Sjølvstendig, men må óg kunne arbeide i team
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • For å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Det er ei fordel om du har:

  • Interesse for brukarinteraksjon
  • Interesse for pedagogikk og formidling
  • Kompetanse innan Universell Utforming for lyd og bilete

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 53-68 (for tida kr 464 800 - 607 700), eller 58-68 (for tida kr 505 800 - 607 700) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar.
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon) eller gruppeleiar Bjørn Tore Sund (Logg inn for å se kontaktinformasjon, mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon).

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelingaher.

Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 34.386 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen