<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Barne-, ungdoms- og familieetaten Miljøterapeut

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Bergen Akuttsenter avdeling Kalfaret har ledig eit vikariat som miljøterapeut i 100% stilling, med varigheit på eit år fra 01.09.19.

På grunn av kjønnsbalanse oppfordrar vi særleg menn om å søke.

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde

Stillinga som miljøterapeut inneber at ein har hovudkontaktansvar for ungdom som bur ved avdelinga. Dette inneber at ein er delaktig i kartlegging av ungdomen, utarbeider retningslinjer og handlingsplanar i tråd med ungdomen sin fungering og eigen utvikling, familiesamarbeid og utforming av miljørapport. Miljøterapeutane arbeider tett saman i team med vegleiar. Som miljøterapeut skal du vere ein omsorgsperson, samt ei støtte til utvikling og endring for ungdomen. Miljøterapeutane er også vaktansvarleg ved avdelinga og inneber at ein har eit særleg ansvar for organisering, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av daglege oppgåver som tilfaller det enkelte vaktteam.

Kvalifikasjonskrav

Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng. For ansetting i SKO 1494, 1495 og 1508 krevst fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar.

Personlege eigenskapar

Evne til å samarbeide, vere kreativ med stort engasjement. Like å vere med ungdom som er i ein vanskeleg situasjon. Ha evne til å knyte kontakt og skape relasjonar med ungdom.

Vi tilbyr
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1494 sosionom, 1495 barnevernpedagog, 1508 vernepleiar, 1489 miljøterapeut, lønsramme 15, med løn frå p.t. kr 386 200 pr. år til p.t. kr 472 000 (ltr. 40-53). Ev. stillingskode 1534 i lønsramme 18 med løn frå p.t. kr 408 600 pr. år til p.t. kr 479 600 pr. år (ltr. 44-54). For stillingskode 1534 krevst i tillegg relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng. Avløning og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar
  • Bufetat ønsker å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nyansettelsar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
  • Politiattest vil krevast ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Vi gjør merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25
Kontaktinformasjon

Solfrid Keilegavlen Aasen, avdelingsleiar, telefon: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Bergen akuttsenter ivaretar akuttfunksjonen for ungdom 13-18 år i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bergen akuttsenter avdeling Kalfaret har 6 plassar for ungdom plassert etter §4-6 jmf bv.l

Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise, store variasjonar i problematikk, bakgrunn, smerteutrykk, psykisk fungering og omsorgsbehov.

Les mer om Barne-, ungdoms- og familieetaten

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 29.964 ledige stillinger

Fakta om Barne-, ungdoms- og familieetaten