<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Statens vegvesen Vil du vere med å planlegge framtidas transportnett?

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Arbeidsoppgåver

Hjå oss i Statens vegvesen vil du få høve til å jobbe med alt frå store veg-/tunnelanlegg og bygateprosjekt til gang- og sykkelvegar, skredsikring, miljøtiltak og trafikktrygging. Vi har i dag eit attraktivt tverrfagleg miljø og treng dyktige fagfolk til våre kontorstader i Leikanger, Bergen og Stavanger; vegplanleggar, planleggingsleiar, geoteknikar og arealplanleggar. Til Leikanger og Bergen treng vi i tillegg elektroingeniør og automasjonsingeniør.

Vegplanleggar plan- og prosjektering: Prosjektering av vegar, gater og tunnelar. Utarbeiding av modellar og teikningar i planfase og som grunnlag for bygging.

Planleggingsleiar:Planlegging av vegprosjekt i samsvar med plan- og bygningslova. Innhente og koordinere faglege delbidrag som er nødvendig for planprosessen.

Arealplanleggar:Utarbeide planar i samsvar med plan- og bygningslova.

Geoteknikar:Geoteknisk prosjektering knytt til vegar, tunnelar og bruer, både i plan-, bygge- og driftsfase. Planlegging og oppfølging av grunnboringar i felt. Fagleg vurdering og bistand ved akutte skredhendingar på vegnettet.

Elektroingeniør:Planlegging og prosjektering av veglysanlegg, belyste skiltanlegg, tunnel - og bruinstallasjonar med tilhøyrande elektriske sterkstraums - og naudstraumsløysingar. Kontroll og testing av anlegg på byggeplass.

Automasjonsingeniør:Planlegge og detaljprosjektere styre- og overvakingssystem og nettverks- og kommunikasjonsløysingar i eksisterande og nye tunnelar. Kontroll og testing av anlegg på byggeplass

Kvalifikasjonskrav for alle stillingane:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant linje- og fagkombinasjon. For kandidatar med sterk allsidig praksis frå aktuelle fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Ynskjeleg med erfaring innan dei aktuelle fagområda, men vi oppmodar og nyutdanna om å søkje.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å oppnå resultat og holde framdrift
  • Evne til å utvikle eige fagområde
  • Evne til å styre, koordinere og samordne ulike bidrag i prosjekta
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (arbeidsspråk norsk)

I tillegg vektlegg vi særskilt for stillinga som:

Vegplanleggar: Kompetanse i AutoCAD, Novapoint, 3D-verktøy. Erfaring frå planlegging og dimensjonering av veganlegg, veg- og gateutforming og overvasshandtering.

Planleggingsleiar: Erfaring frå fagområda arealplanlegging og planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar. Det er ynskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy som t.d AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.

Arealplanleggar:Erfaring frå fagområdet arealplanlegging og det er ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.) Kjennskap til Plan- og bygningslova og planprosessar

Geoteknikar:Utdanning frå universitet eller høgskule, på master - /hovudfagsnivå, innan fagområde geoteknikk. Det er ynskeleg med god relevant praksis, og min 5 års erfaring frå dei aktuelle oppgåvene

Elektroingeniør: For elektroinstallatørar gr. L med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning. Kompetanse i programvara FEBDOK og DAK, samt kjennskap til Relux.

Automasjonsingeniør: Det er ynskjeleg at søkjarar har god erfaring frå og kjennskap til industrielle styre- og kontrollsystem, instrumentering, datanettverk og fiberoptisk kommunikasjon. Kompetanse i AutoCAD/DAK.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønn blir fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etatens lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Meir informasjon om stillingane kan du få hjå avdelingsleiar for ressursavdelinga, Margot Åsebø, e-post Logg inn for å se kontaktinformasjon,telefon Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 24
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter
18 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 29.964 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen