<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Statens vegvesen Byggjeleiar elkraftteknikk, Voss/Odda

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Dette vert løyst blant anna gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet forøvrig.

Statens vegvesen søkjer byggjeleiar innan fagområdet elkraftteknikk. Stillinga er knytt til Byggherrepoolen i Region vest, for tida ved fylkesavdeling Hordaland, vegseksjonen Voss og Hardanger. Kontorstaden kan vera Voss, Odda eller prosjektkontor nær det aktuelle prosjekt.

Grunna regionreforma kan oppgåvene verte overførde til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver

I Voss og Hardanger er det mange tunnelar som skal oppgraderast og fornyast slik at dei tilfredsstiller krava i <>. Dette medfører tiltak både på sjølve tunnelen, og på dei installasjonar som er bygd inn i tunnelen. Andre og mindre opprustings-/vedlikehaldstiltak i tunnelar vil og vere aktuelle oppgåver.

Som byggeleiar får du ansvar for ma.:

  • Den teknisk og økonomiske delen av elektroinstallasjonar i tunnelar
  • Planlegging og anbodsutarbeiding ved oppgradering og nye installasjonar
  • Teknisk og økonomisk oppfølging av elektrokontrakta og rapportere til prosjektleiar
  • HMS- ansvar for eigne prosjekt
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniør
  • Tekniske avklaringar
  • Handtere fråvik, tillegg og endringar
  • Oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • Sluttdokumentasjon
Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd eksamen frå universitet eller 3-årig høgskule, linje for elkraftteknikk/ elektriske anlegg. Søkjarar med eksamen frå 2-årig teknisk fagskule, same linjeval, og med brei relevant erfaring vil også bli vurdert. Fagbrev Gr. L er også ynskjelig. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Det er ønskeleg med erfaring frå installering og drift av industrianlegg, samt samferdselsanlegg, samt kompetanse for å kunne medverke til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeider i regionen.

Du har fokus på og forstår viktigheita at eit godt HMS-arbeid. Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, vere god på dokumentasjon og kunne syne til gode samarbeidsevner.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet. Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Seksjonsleiar Lars Øyre, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 28
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAR 29
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAR 30
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAR 31
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 01
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 02
    2024
    14 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 03
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Flere muligheter
37 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.517 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen