Org.nr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon4 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste. Hovudbibliotek ligg i kommunesenteret Eivindvik, og det er filialar i skulekrinsane Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Det er eigne bibliotekmedarbeidarar ved filialane. Biblioteksjefen har kontor i Eivindvik.
Gulen kommune har ledig 45% vikarstilling som biblioteksjef i Gulen kommune i tida 15.09.19 - 15.09.20.
Hovudarbeidsppgåver
- Ansvar for og deltaking i dagleg drift og utvikling av bibliotektenestene i kommunen
- Legge til rette for og gjennomføre arrangement
- Administrative oppgåver
- Rettleiing og oppfølging av bibliotekmedarbeidarane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Godkjent bibliotekarutdanning frå høgskule eller universitet. Andre kan også verte vurdert dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
- Erfaring frå arbeid i bibliotek er ein fordel
- God IKT- og systemkompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Må vere engasjert, sørvisinnstilt, strukturert og fleksibel
- Må ha gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Om søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjeren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema:For mer informasjon kontakt: , Biblioteksjef Hege Hjartholm, Tlf: Logg inn for å se kontaktinformasjon, Mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon