<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Seniorkonsulent

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei full stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) i administrasjonen. Tilsetjinga er vikariat frå 1. september, eller så snart som råd etter, og fram til 31. desember 2019. Stillinga kan bli gjort fast frå 1. januar 2020.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har over femti fast vitskapleg tilsette, fem postdoktorar, om lag 25 stipendiatar og ti administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Sju av desse stillingane er knytte til studiesida av administrasjonen, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet.

Arbeidsoppgåver:
  • sakshandsaming og studierettleiing
  • fagutvikling og rådgjeving
  • sekretær for programstyra på dei aktuelle faga
  • studentrekruttering og informasjonsarbeid
  • arrangement og prosjektarbeid
  • eksamens- og timeplanleggingsansvar for eitt av faga

Stillinga har eit særleg ansvar for faga arabisk, italiensk og spansk.

Det kan kome endringar i oppgåvene og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må dessutan rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som er lista opp over.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • mastergrad (lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
  • relevant praksis frå administrativt arbeid innan høgare utdanning, helst med studieadministrasjon
  • gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
  • evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål)
  • motivasjon for stillinga og kjennskap til og interesse for faga ved instituttet
  • effektivitet
  • sjølvstende
  • fleksibilitet og gode samarbeidsevner
  • evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønn tilsvarande lønssteg 55 - 59, for tida kr. 487.600 - 522.800 brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar studieleiar Silje Grønner Stang på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller e-post, eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon eller e-post.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via <> på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 08.08.2019

Merk søknaden: 19/8045

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter.Les meir om fakultetogtilhøyrande institutt.

Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 29.964 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen