<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Den Norske Kirke Sokneprest i Sunnfjord prosti med Høyanger sokn og Kyrkjebø sokn som tenestestad

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon17 Presentasjon av stillingen:

Sunnfjord prosti omfattar 9 kommunar og har 17 sokn. Det er 15 prestar i prostiet medrekna prosten.
Høyanger kommune, som ligg på begge sider av Sognefjorden, har 4152 innbyggjarar og er ein kraftkommune med industri. Sjå nettsideneog.

Det er for tida ledig stilling som sokneprest i Sunnfjord prosti med sokna Høyanger og Kyrkjebø som særskilt tenestestad. Dette er ei spennande og variert stilling med engasjerte medarbeidar og gode kontorforhold i Høyanger. Soknepresten samarbeider tett med soknepresten for dei to andre sokna i same fellesrådsområdet.

Høyanger kyrkje, frå 1960, ligg sentralt i bydelen og Kyrkjebø kyrkje fyller 150 år hausten 2019. Høyanger sokneråd har avtale om å bruke Høyanger bedehus, like ved kyrkja.

Kyrkjelydane har som mål at kyrkja skal vere ein naturleg del av dagleglivet for alle og inspirere til deltaking ved gudstenester og andre samlingar i kyrkjene. Det er laga plan og årshjul med vekt på musikk og prioritering av barn og unge. Du vert utforda til å gå inn i arbeidet som ein viktig medspelar med å føre vidare og utvikle samarbeidet som er i gang.

Soknepresten forrettar om lag 25 gravferder i året, har ansvar for konfirmantundervisninga i begge sokn med 20 -30 konfirmantar. Det er to aldersinstinstitusjonar, ein på Kyrkjebø og ein i Høyanger, som får jamleg besøk av prest og kantor. Normalt har soknepresten gudsteneste kvar sundag, med unntak av ei frihelg i månaden og nokre sundagar med to gudsteneste.

Soknepresten har fast sete i Høyanger sokneråd, Kyrkjebø sokneråd og Høyanger kyrkjelege fellesråd. Stillinga inngår i gjeldande beredskapsordning og soknepresten deltek i kommunalt kriseteam.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane inn til konvent for fagleg fordjuping og åndeleg fornying.

Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytte begge målformene. Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleggjorde sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Teologisk utdanning som kvalifiserer til ordinasjon i Den norske kyrkja
  • Evner til å samarbeide med stab og uløna medarbeidarar

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde.
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar.
  • Arbeidsvegleiing (ABV).

Kontaktinformasjon

Reidar Knapstad, prost, Logg inn for å se kontaktinformasjon Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Dalevegen 4
6993 Høyanger

Søk på stillingen:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Den norske kirke

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon17 Stillingsprosent: 100% Søknadsfrist: 22.09.2019





Om arbeidsgiveren
Les mer om Den Norske Kirke

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 34.386 ledige stillinger

Fakta om Den Norske Kirke