<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Postdoktor i algoritmar

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Postdoktor i algoritmar

Veder det ledig ei stilling som postdoktor innan forskingsfeltet algoritmar med fokus på algoritmar for grafklasser. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa Algoritmar. Den som vert tilsett vil jobbe med Professor Pinar Heggernes på algoritmar for og strukturelle eigenskapar for grafklassar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller matematikk med spesialisering innan grafalgoritmar og grafteori, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk bakgrunn i teoretiske aspektar av diskrete algoritmar med fokus på grafalgoritmar er eit ufråvikelig krav.
  • Ein sterk bakgrunn i grafteori med fokus på grafklassar er eit ufråvikelig krav.
  • Erfaring frå parametriserte algoritmar er ein sterk føremon.
  • Erfaring frå undervisningsassistanse er ein sterk føremon.
  • Søkjarar må beherske det engelske språket perfekt, både skriftleg og munnleg.
  • Norskkunnskapar dokumentert ved beståtte eksamenar eller sertifikat er ein sterk føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på undervisning og formidling ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei kort beskriving av eit utval forskingsproblem som søkjaren planlegg å jobbe med, inkludert metodar og idear som søkjaren kan tenkja seg å applisere, samt kvifor desse problema er viktige og relevante
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over alle publikasjonar
  • utval av publikasjonar; høgst fem av dei viktigaste bidraga av søkjaren til forskingsfeltet

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 15. oktober 2019.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

.

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.Les meir om fakultetogtilhøyrande institutt.

Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAR 29
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAR 31
    2024
    20 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 01
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 02
    2024
    6 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 03
    2024
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 04
    2024
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 05
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.086 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen