Habiliteringstenesta, pt. Maribu/Slottet, har ledig 2 x 49,30% faste nattevaktstillingar. Oppstart 01.12.19 eller etter avtale.Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjer tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er 116 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i 9 bufellesskap/burettslag, samt dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar.
Kvalifikasjonar:
Ynskjeleg med fagbrev innan helse- og sosialfag.
Personar utan formell kompetanse vil verta vurdert opp mot personleg eignaheit.
Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming.
God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap 9.
Personleg eignaheit og praktiske ferdigheter kan verta vektlagt meir enn formell utdanning.
Sertifikat kl. B.
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
Kunna jobba sjølvstendig
Fleksibel, engasjert, initiativrik og kreativ
Mål- og resultatorientert
Kunne bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Andre opplysningar:
Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar, samt erfaring frå målretta miljøarbeid og arbeid med personar med utviklingshemming verta vektlagt. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved innsending av elektronisk søknad vert kvittering rekna som stadfesting på at søknad er motteke. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår gjeld for alle stillingane. Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing jfr Hol §5-4a.Kontaktperson: Gruppeleiar Line Skrede Habbestad - Logg inn for å se kontaktinformasjon
Adresse: Bømlo