Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) frå 1.1.2020. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt Mohn ernæringsforskingslaboratorium. Prosjektet har ei førebels finansiering i fire (4) år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Stillinga som forskar er knytt til arbeidspakke II - Molekylære og funksjonelle studiar av diett-gen interaksjon og prosjektet går ut på å kartleggja grunnleggande molekylære mekanismar av metabolismen i fettvev,
- Forskaren vil også få eit spesielt ansvar for gjennomføring av kliniske diett-intervensjonsstudiar, mellom anna CARBFUNC-studien, kor målet er å finne ut om karbohydratkvalitet/-kvantitet påverkar utvikling av fedme(Kort punktvis beskriving)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
-søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
-søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar på postdoktor-/forskernivå innen ernæring, cellebiologi, metabolisme, molekylærbiologi, transkriptomanalyser og genomikk/genetikk
-kandiaten må ha god kjennskap til- og publikasjonar innan forskningsfeltet fedme og type 2 diabetes
-søkjar må ha erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar, med å utvikle og leie forskningsprosjekt innan fokusområda fedme og diabetes og han/ho må ha vist evne til å hente inn ekstern forskningsfinansiering
-kandidaten må ha erfaring med undervisning og rettleiing av master- og doktorgradstudentar. Erfaring som houvdrettleiar tilleggast vekt.
-evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
-kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
-søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
-det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid innan ernæring og genomikk, og at han/ho har gjennomført ein periode som postdoktor ved eit fremståande utenlandsk universitet
Vi kan tilby:
- eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæring, fedme og diabetes.
- løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 - 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 - 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderas
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode
Søknaden skal innehalde:
- eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
- doktorgradsavhandlinga (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
- Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
- både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
- Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
- forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
- forskingsgruppa
- Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Gunnar Mellgren, e-post Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen
Se annonsen og søk på stillingen