<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Stipendiat i maringeologisk grunnundersøking for havvinds-installasjonar

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Stipendiat i maringeologisk grunnundersøking for havvinds-installasjonar

Veder det ledig ei stilling som stipendiat i maringeologiske undersøkingar for havvindinstallasjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Equinor gjennom Akademia-avtalen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Tittel på prosjektet: Geologisk karakterisering av marine grunnforhold for sikker og kostnadseffektiv fundamentering av havvindinstallasjonar.

For å gjennomføre sikker, kostnadseffektiv og pålitelig fundamentering av havvinds-installasjonar er det naudsynt med detaljert kunnskap om type avsetningar, avsetnings-prosessar og dei geotekniske eigenskapane til dei øvste 10-100 meter av sedimenta på havbotnen. Desse grunnmarine avsetningsforholda er spesielt utfordrande i Nordsjøområdet på grunn av at området har vore påverka av dei store isdekka som bygde seg opp under siste istid sin maksimum. Dette har ført til dømes store og små glasiale erosjonsformer, grunnmarine glasitektoniske strukturar, djupe smeltevatnkanalar/tunneldalar, strandavsetningar relatert til havnivåendringar og strømrelaterte sorterte avsetningar. Desse avsetningstypane bør bli tatt omsyn til ved val av fundamentering av havvindinstallasjonar.

Målet med prosjektet er å utarbeide ein integrert, sikker og kostnadseffektiv framgangsmåte for å undersøkje botnforhold for fundamentering av offshore havvindinstallasjonar over store område ved å bruke eigne seismiske data, kjernedata og tilgjengelege data frå eksisterande seismiske undersøkingar (2D, 3D) og grunne kjernar frå desse områda. I stillinga vil ein vere med på tokt til aktuelle område for havvindutbygging, tolke og analysere maringeologiske data, møte industri og forvaltning som arbeider med havvind, og skrive artiklar som handlar om korleis botnforholda kan undersøkast og korleis dei bør handterast når ein bygger ut havvindinstallasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i maringeologi eller maringeofysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med tolking av akustiske havbotndata (f.eks. multistråleekkolodd, seismikk) er ein sterk føremon.
  • Erfaring med tolking av kjerneprøvar er ein sterk føremon.
  • Erfaring med kvartærgeologien i det nordvestlege Europa er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

  • Prosjektet krev geologisk toktarbeid til havs og det er difor eit krav at den som skal tilsetjast må kunne oppnå helseattest for sjøfolk.
For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at duved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

førsteamanuensis Christian Haug Eide, Institutt for geovitenskap, Logg inn for å se kontaktinformasjon, epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon; eller professor Haflidi Haflidason, Institutt for geovitenskap, Logg inn for å se kontaktinformasjon, epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Se annonsen og søk på stillingen




Adresse: Bergen

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.Les meir om fakultetogtilhøyrande institutt.

Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Sunndal
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen
06.05.2024 Oslo
Vis alle 34.383 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen