Er du ein dyktig og engasjert person som brenn for å bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling? Ønskjer du å jobbe langsiktig innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet, der det kvar dag vert sendt hundretusentals av meldingar i samband med pasientforløp, både eksternt og internt. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra vorte heilt sentrale i pasientbehandlinga og behovet for utveksling av data mellom systema er enormt. Som konfigurator av IMATIS-løysinga i Helse Vest vil du vere med å distribuere denne dataen til ulike visningsflater og einingar.
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Vi forvaltar og utviklar også i aukande grad IT-løysingar som er bindeledd mellom sjukehus og pasient/innbyggjar. IMATIS er ein av desse løysingane og til dette prosjektet treng vi no fleire medarbeidarar. Du vil inngå i eit team med ansvar for å konfigurere løysingane og forvalte desse når Helse Vest har satt dei i produksjon.
Vi ønsker at du har god IT-teknisk forståing samt evne til å kommunisere godt med forskjellige fagmiljø - dette for å fungere godt som bindeledd mellom dei helsefaglege og tekniske miljøa. Du vil i arbeidet måtte ha god oversikt, planlegge og koordinere aktiviteten som skal skje rundt innføring og forvalting av nokre av våre nyaste løysingar. Prosjekterfaring er ein fordel.
Arbeidstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde
Arbeidsoppgåver
- Prosjektdeltaking med ein del konfigureringsarbeid for å tilpasse løysinga til sjukehusa i Helse Vest
- Fungere som kontaktpunkt og bidragsyter til eksterne leverandørar med hensyn til nye leveransar, funksjons- og løysingsforbetringar
- Sakshandsaming og dokumentasjon av endringar og feil som oppstår
- Bidra til god test av nye versjonar og feilrettingar før produksjonssetting
- Koordinering mot sjukehusa og internt i Helse Vest IKT
- Forvalte og vedlikehalde eksisterande løysingar
Kvalifikasjonar
- Erfaring med forvalting av IKT system og elles god systemforståing
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT
- Kjennskap til arbeidsprosessar i sjukehus og helsesektoren elles tel positivt
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
Personlege eigenskapar
- Evne til godt teamarbeid
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
- Gode samarbeidsarbeids- og kommunikasjonsevner
- Vilje og evne til omstilling og endring
Language
Vi tilbyr
- Medverke til å forme IKT¿løysingar for eit helsevesen i framtida
- Delta på spennande oppgåver innan regionale prosjekt
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Frode Nilsen, Seksjonsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Jonas Liesvei 65
5021 Bergen
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon51Stillingsprosent: 100%Søknadsfrist: 20.10.2019