<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Universitetet i Bergen Professor/førsteamanuensis i helseøkonomi

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=JRdMR-PhbBQ&t=4s

Professor/førsteamanuensis i helseøkonomi

Ved,(IGS) og,(IØ) er det ledig ei fast stilling som professor/førsteamanuensis (100 %) i helseøkonomi. Søkjarane vert primært vurdert i forhold til lista av kvalifikasjonar og eigenskapar, og dersom to søkjarar står likt vil ein søkjar med professorkompetanse gå føre ein søkjar utan professorkompetanse.

Stillinga skal vere knytt til fagområdet(ETØK) ved IGS og forskingsgruppaved Institutt for økonomi. Kontorstad vert avtalt ved tilsetjing.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett vil ha eit særleg ansvar for forskingsprosjekt som nyttar kompetansen frå begge dei to miljøa. Døme på dette kan vere å bidra med helseøkonomisk forsking i kliniske forsøk eller å nytte økonomisk teori og metode til å studere relevante problem for organisering og finansiering av helsetenester. Det er ei målsetjing at Universitetet i Bergen skal verte ein sentral nasjonal aktør for økonomisk evaluering av helseintervensjonar, og den som vert tilsett vil ha eit ansvar for å bidra til å nå denne målsetjinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande kompetanse i samfunnsøkonomi med kompetanse innanfor helsefeltet, eller i helseøkonomi. Kandidatar med utanlandsk grad skal vurderast avdersom det er tvil om ph.d.-graden svarar til norsk ph.d.-grad
  • den som vert tilsett skal undervise ved Det medisinske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen, og må ha framifrå pedagogiske kvalitetar
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det vert lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt og dokumentert evne til å skaffe eksternfinansiering
  • det vert lagt særleg vekt på dokumentert evne til publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift av høg kvalitet. Publikasjonar frå dei siste fem år vil vektleggas spesielt
  • det vert lagt vekt på kompetanse i metodar for økonomisk evaluering av helsetiltak og interesse for tverrfaglege problemstillingar

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Det vert vidare lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:
  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i to fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-82 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 860 300 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-75 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 615 900 - 704 900. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode
Søknaden skal innehalde:
  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over samt vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i PDF- format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, professor Guri Rørtveit, tlf.: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post:eller instituttleiar ved Institutt for økonomi, professor Tommy Staahl Gabrielsen, tlf.: Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen.

Se annonsen og søk på stillingen





Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter.Les meir om fakultetogtilhøyrande institutt.

Det samfunnsvitskaplege fakultet består av sju institutt og tre senter.Les meir om fakultetetogtilhøyrande institutt.

Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 21
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 22
    2024
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • APR 23
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • APR 25
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter

Se flere annonser

Søknadsfristen for sommeren 2024 løp ut 14. januar, men du kan allerede nå melde interesse for summer internship i 2025.
Snarest Oslo
Er du nyutdannet, og har sterkt engasjement for landbruksnæringen? Nå har du mulighet til å være med å utvikle landbruket
28.04.2024 Nordreisa
Er du klar for et interessant år som prosjektingeniør i Ymber-konsernet? Har du nylig fullført, eller nærmer du deg fullført
28.04.2024 Nordreisa
Vi er på jakt etter en kreativ og relasjonsorientert trainee, som vil bruke sin kompetanse og engasjement til det beste
28.04.2024 Nordreisa
Vil du være med på det råeste prosjektgjennomføringslaget innen jernbane i Norge? Nettpartner sin Bane-divisjon og NRC Group slår kreftene
Snarest Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Oslo
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
08.05.2024 Oslo
We are now seeking a Chief Project Officer to join the top leadership team of the company, reporting to the
12.05.2024 Flere steder
Vis alle 34.386 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen