<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Rettleiingstenesta i Sunnhordland, Vestland fylkeskommune OT/PPT-rådgivar

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon2 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon97 Presentasjon av stillingen:
Rettleiingstenesta i Sunnhordland er ein del av Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg elevar/lærlingar og ungdomar fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi gir tenester til alle vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune.

Arbeidsoppgåver

Følgje opp ungdom utanfor opplæring eller arbeid og bidra til å få dei inn i skule, arbeid eller tiltak.
Etablere nettverk mot samarbeidspartnarar og utvikle tiltak retta mot målgruppa. Kartlegging. Drive kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov. Vi er sakkunnig instans og skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det. Ulik utgreiingskompetanse er derfor ein fordel å ha.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må fortrinnsvis ha høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi har behov for ein dyktig medarbeidar som har god kjennskap til systema rundt ungdom som står utanfor opplæringssystemet. Søkjarar må kunne vise til resultat frå utviklingsarbeid.
Søkjarar må disponere bil. Søkjar må leggje fram gyldig politiattest. Det er krav om god kjennskap til bruk av ulike dataprogram og sosiale media.

Personlege eigenskapar

Vi treng medarbeidarar som kan vise til stor grad av relasjonskompetanse, er fleksibel, trygg og motiverande i møte med ungdom og samarbeidspartnarar. Søkjarar må ha gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og må kunne halde kurs og presentasjonar. Oppgåver og arbeidsform krev stor grad av sjølvstende.

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.

Vi legg til rette for rettleiing og moglegheiter for vidareutvikling av fagkompetansen.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Ravna Skjærvik, leiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Cecilie Øvstedal, leiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Sævegen 21, Leirvik
5410 Stord

Søk på stillinga:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Hordaland fylkeskommune

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon97 Stillingsprosent: 100% Søknadsfrist: 28.11.2019





Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Les mer om Rettleiingstenesta i Sunnhordland, Vestland fylkeskommune

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Vil du være med å forme morgendagens helsetjeneste? Aleris Frogner er Norges største private sykehus og holder til i nyoppussede og
Snarest Oslo
Ønsker du å jobbe med landets fremste kompetansemiljø innen tannhelse?Oris Dental Moa åpner 1. juni sentralt på Amfi Moa i
02.04.2024 Ålesund
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
03.04.2024 Oslo
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
02.04.2024 Oslo
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
24.03.2024 Oslo
Om trainee-stillingen:Som trainee vil du ta del i rådets daglige drift, men du vil også få et særlig ansvar for
01.04.2024 Nordkapp
Gjensidige er et ledende nordisk forsikringsselskap som er et av de største selskapene på Oslo Børs med om lag 3800
03.04.2024 Oslo
Forsvarsbygg på Jørstadmoen treng sommarvikarar til ulike oppgåver. Vi ønsker å tilsette ca. 2-3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift
19.04.2024 Lillehammer
Vis alle 39.808 ledige stillinger

Fakta om Rettleiingstenesta i Sunnhordland, Vestland fylkeskommune