<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Kirkens Bymisjon Bergen, I Jobb Voss Prosjektmedarbeider

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Org.nr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon9 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Vi har nå ledig stilling som prosjektmedarbeidar i 100% stilling ved Kirkens Bymisjon Voss.

TV-aksjonen 2018 gjekk til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. No skal me verkeleggjere målsettingane til TV-aksjonen <> ved å etablere Kirkens Bymisjon på Voss, og starte opp "I jobb" og "Skattkammeret". Me planlegg at arbeidet på Voss vil ha to årsverk.

I jobb er eit lågterskel arbeidstiltak for personar med utfordringar knytt til rus. Vårt hovudmål er at menneske gjennom arbeid skal få auka meistring, sjølvkjensle og hjelp til endring basert på eigen motivasjon. Arbeidstiltaket vil og vera ein møteplass for fellesskap og måltid. På Voss vil "I jobb" i hovudsak utføre ryddearbeid, gartnararbeid mm etter oppdrag frå næringslivet og andre aktørar. NAV og Voss kommune er samarbeidspartar i dette prosjektet. Skattkammeret vil være eit samarbeidsprosjekt mellom Kirkens Bymisjon og fleire lag og foreiningar på Voss. Skattkammeret er ein utlånssentral som tilbyd gratis sports- og fritidsutstyr. I tillegg skal det gje informasjon om dei ulike fritidstilboda i kommunen, og hjelp til å ta i bruk dei tilboda som finst. Skattkammeret fremjar òg eit miljøvennleg perspektiv ved at det oppmodar til gjenbruk av sports- og fritidsutstyr. Den primære målgruppa er barn og unge opp til 20 år som ønskjer å delta i en aktivitet.

Prosjektmedarbeidaren si hovudoppgåve på I jobb vil være konkret og praktisk arbeidsleiing, opplæring og oppfylging av deltakarar (ut av kontoret!). På Skattkammeret vil hovudoppgåver være oppstart, drift og vidareutvikling av konseptet samt tilrettelegging for kurs og opplæring i bruk av utstyr. Utadretta verksemd og nettverksbygging med samarbeidspartnarar vil og være en del av arbeidet i begge tiltaka. Prosjektmedarbeidaren vil jobbe tett med virksomhetsleiar på Voss for å utvikle Kirkens Bymisjon sin aktivitet i kommunen.

Arbeidstida er fleksibel og vil kunne variere noko frå veke til veke, ein må rekne med noko ettermiddagsarbeid / helgearbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfylging av <> og <> i fylgje til prosjektbeskrivelse, og vidareutvikling av tiltaka
    • Motivering, arbeidsleiing og oppfylging av deltakarar med rusproblematikk
      • Skaffe arbeidsoppdrag frå lokale oppdragsgjevarar.
      • Rekruttering og oppfylging av deltakarar og frivillige medarbeidarar.
      • Utarbeide gode rutinar for utlån, vedlikehald og gjenbruk av utstyr
      • Gjere Skattkammeret kjent for relevante samarbeidspartar og spreie informasjon til målgruppa
      • Hjelpe barn og unge inn i organiserte fritidsaktivitetar og legge til rette for aktivitetar og kurs i samarbeid med lag, foreiningar og herad.
      • Nokre administrative oppgåver, som bilagsføring og loggføring
      • Være med å vidareutvikle Kirkens Bymisjon Voss

      Kvalifikasjonar og eigenskapar

      • 3-årig relevant høgskule- eller fagutdanning, gjerne innan helse og sosialfag eller andre praktisk retta fag.
      • Erfaring frå sosialfagleg eller praktiske yrke, og etablering og oppbygging av verksemd er ein fordel
      • Erfaring frå arbeid med rus og/ eller born og ungdom er ein fordel.
      • Glad i menneske og har engasjement, tolmod og evne til å jobbe i ein uforutsigbar arbeidskvardag
      • God fysisk kapasitet og eit ynskje om å arbeide utandørs.
      • Kan skape gode relasjonar, samarbeide konstruktivt og har godt humør
      • Er fortruleg med bruk av IKT-verktøy og sosiale medier
      • Har interesse for sport og friluftsliv
      • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
      • Godt lokalt nettverk er ein fordel
      • Førarkort klasse B

      Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
      Vitnemål og attestar med oppgitt stillingsstørrelse og varigheit skal tas med ved et evt. Intervju.

      Vi kan tilby

      • Støtte, fellesskap og tilgang på faglege ressursar i ein verdiforankra organisasjon i utvikling og vekst
      • Ein meiningsfull jobb med gode høve til å påverke
      • Sjølvstendig og fleksibel arbeidskvardag med varierte oppgåver
      • Løn etter avtale

      Den som vert tilsett, må kunne arbeide i tråd med Kirkens Bymisjon sitt verdigrunnlag og målsetjingar.

      Spørsmål til stillinga, ta kontakt med virksomhetsleiar Voss, Toril Hunnålvatn,. seniorrådgiver Eiel Holten, Logg inn for å se kontaktinformasjon.

      Søknad registreres elektronisk seinast:28.11.2019.

      Tiltredning:Tiltreding så snart som råd. Link til søknadsskjema:For mer informasjon kontakt: , Toril Hunnålvatn, Mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon, Epost: Logg inn for å se kontaktinformasjon





Om arbeidsgiveren

Kirkens Bymisjon er ein open og inkluderande, ideell og diakonal organisasjon som jobbar for eit varmare samfunn i meir enn 40 byar og tettstadar i Noreg. På landsbasis er vi ca. 1800 tilsette og 4500 frivillige, og vi vert stadig større. Gjennom mange ulike tiltak ønskjer vi å verkeleggjera visjonen om at alle menneske skal erfara respekt, rettferd og omsorg, uavhengig av livssituasjon, livssyn eller kulturell bakgrunn. Kirkens Bymisjons oppdrag er å påpeike og motvirke årsaker til at urett oppstår, avdekke krenkelsar og gje hjelp og lindre nød.

Kirkens Bymisjon i Bergen har som formål å fremje tiltak som bidreg til å verkeliggjere kyrkja sitt diakonale oppdrag. Vi har over 20 verksemder med stor breidde i fagområde og målgrupper. Vi har om lag 120 tilsette og 350 frivillige medarbeidarar, og ser fram til å etablere oss på Voss. Våre verdiar er fagleg tyngd, kjærleik og frivillig arbeid. Visjonen er at alle menneske erfarer respekt, rettferd og omsorg.

Les mer om Kirkens Bymisjon Bergen, I Jobb Voss

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Aleris Frogner er Norges største, private sykehus og holder til i Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo. Sykehuset har
Snarest Oslo
Bli en del av et fremadstormende og energisk team i Tromsø og Bardufoss! Les mer om stillingene her
Fortløpende Flere steder
Vil du spille en viktig rolle i et samfunnskritisk oppdrag? Nettpartner er en av Norges ledende entreprenører innen elektrisk infrastruktur. Fra
30.04.2024 Flere steder
I Aleris har vi som mål å bidra til en bedre helsetjeneste. For den enkelte pasient og for samfunnet. Vi
Snarest Oslo
Om oss Jernbanesektoren satser på vedlikehold – for at flere kan ta mer tog må vi ta vare på det
01.04.2024 Oslo
I forbindelse med økt oppdragsmengde, søker vi etter Prosjektleder VVS/Ventilasjon til vår avdeling. Avdelingen har 80 medarbeidere og en omsetning
15.04.2024 Trondheim
I forbindelse med økende oppdragsmengde søker vi etter en/flere servicefolk til vår avdeling. Avdelingen har 20 medarbeidere og en omsetning
30.04.2024 Lillehammer
Bravida er en ledende aktør innenfor tekniske tjenester i byggebransjen, med fokus på å levere kvalitetsprodukter og -tjenester innen elektro,
Snarest Oslo
Vis alle 39.517 ledige stillinger

Fakta om Kirkens Bymisjon Bergen, I Jobb Voss