Org. nr: Logg inn for å se kontaktinformasjon2 Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon07 Presentasjon av stillingen:
IT-seksjonen søker etter to nye medarbeidarar på brukerstøtte. Teamet du går inn i består for tida av 4 dyktige personar. Hovudfokus i stillinga er førstelinjesupport til våre ca. 1500 IT-brukarar. Som første kontaktpunkt ved tekniske problem er det viktig at du både er serviceinnstilt og løysningsorientert. Du må vere trygg med telefonen som arbeidsverktøy, og dessutan takle ein hektisk kvardag. Vi er i innføringsfasa av relevante Support Management prosessar. Erfaring frå og interesse for kontinuerleg prosessforbetring for å yte best mogeleg support for våre kundar vil bli vektlagt. Arbeidsstad er Harstad, noko reiseverksemd må påreknast.
Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentlighetsloven -- jamfør særleg offentlighetsloven § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no
Arbeidsoppgåver
- Løyse problem for og rettleie våre brukarar/kundar på ein rask, effektiv og serviceorientert måte
- Ta imot, registrere, klassifisere og prioritere førespurnader, både på telefon og i vårt supportsystem
- Onsite support i Harstad og ved andre lokasjonar
- Vidareutvikling og forbetring av prosessar, dokumentasjon og rutinar
- Delta i prosjektarbeid ved behov
- Andre oppgåver som naturleg høyrer inn under fagområdet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev IKT-servicefag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Bør ha 2 års erfaring eller meir innan IT-support
- Det er ønskeleg med erfaring frå prosessorientert arbeid/ITIL
- Fordel med erfaring frå bruk av supportsystem (vi brukar for tida SCSM) og Microsoft Identity Manager
- Fordel med god basiskunnskap innan Active Directory, Windows-plattformen, Citrix og Office-produkter
- Flytande norsk og gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Stillinga krev at kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg/NATO Secret
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert
- Høg gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner
- Strukturert
- Trives med høgt arbeidstempo
- Sjølvstendig og ansvarsfull
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Lønn som førstekonsulent (kode 1408) frå kr. 449.300,- til kr. 523.200,- (frå ltr 50 til ltr 59). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med moglegheit for lån og gode forsikring- og pensjonordningar
- Meiningsfullt samfunnsoppdrag
Kontaktinformasjon
Geir Bøgner, Teamleder, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidssted
6 divisjonsgate 12
9406 Harstad
Søk på stillingen:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Forsvarsbygg
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon07
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2019